Agentar i eige liv: Minoritetsspråklege gutar på veg mot læreplass
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3091881Utgivelsesdato
2023Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Tema for denne masteroppgåva er minoritetsspråklege gutar sin veg fram til læreplass. Oppgåva handlar om ei undergruppe av desse, nemleg minoritetsspråklege mannlege flyktningar med kort butid i Noreg. Statistikkane viser at minoritetsspråklege gutar høyrer til i den gruppa som har lågast gjennomføringsgrad på normert tid. Noko av fråfallet skjer i overgangen mellom vg2 og lære i bedrift. Eg har gjort ei undersøking blant minoritetsspråklege gutar som er lærlingar og som har fått læreplassen sin rett etter vg2. Dei ligg dermed an til å gjennomføre vidaregåande yrkesutdanning på normert tid.
Målet var å undersøke nærare kva lærlingane sjølv meinte om årsakene til at dei hadde fått læreplass. Problemstillinga er: Kva meiner minoritetsspråklege mannlege flyktningar som er lærlingar om årsakene til at dei har fått læreplass rett etter fullført vg2 på yrkesfagleg utdanningsprogram? For å få svar på problemstillinga valde eg ei kvalitativ tilnærming der eg har intervjua lærlingane. Eg ønskte å få ei djupare forståing for erfaringsprosessen dei opplevde då dei skulle skaffe seg læreplass. Eg ville få tak i deira opplevingar, synspunkt og forståing. Vidare undersøkte og drøfta eg om funna kunne seie noko om lærlingane hadde føresetnader for å fungere som agentar i eige liv i denne prosessen. I analysearbeidet av datamaterialet nytta eg stegvis-deduktiv induktiv metode (SDI) som verktøy.
Hovudfunna i undersøkinga var at lærlingane meinte at det var fleire årsaker til at akkurat dei hadde fått læreplass. Størst vekt la dei på eigeninnsatsen sin og personlege eigenskapar. Dei la òg vekt på at dei hadde fått vist fram kvalitetane sine då dei hadde faget Yrkesfagleg fordjuping (YFF) i bedrift/arbeidsplass. Etter å ha drøfta funna i undersøkinga konkluderte eg med at lærlingane hadde gode føresetnader for å opptre som agentar i eige liv på vegen mot læreplass. Dei har vist at dei mellom anna har sjølvregulerande ferdigheiter, positiv sjølvoppfatning, motivasjon og sjølvstendigheit. Dette er nokre av føresetnadene for å fungere som agent i eige liv.