Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorStokstad, Tallak
dc.date.accessioned2023-09-26T05:25:35Z
dc.date.available2023-09-26T05:25:35Z
dc.date.issued2023
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3091881
dc.description.abstractTema for denne masteroppgåva er minoritetsspråklege gutar sin veg fram til læreplass. Oppgåva handlar om ei undergruppe av desse, nemleg minoritetsspråklege mannlege flyktningar med kort butid i Noreg. Statistikkane viser at minoritetsspråklege gutar høyrer til i den gruppa som har lågast gjennomføringsgrad på normert tid. Noko av fråfallet skjer i overgangen mellom vg2 og lære i bedrift. Eg har gjort ei undersøking blant minoritetsspråklege gutar som er lærlingar og som har fått læreplassen sin rett etter vg2. Dei ligg dermed an til å gjennomføre vidaregåande yrkesutdanning på normert tid. Målet var å undersøke nærare kva lærlingane sjølv meinte om årsakene til at dei hadde fått læreplass. Problemstillinga er: Kva meiner minoritetsspråklege mannlege flyktningar som er lærlingar om årsakene til at dei har fått læreplass rett etter fullført vg2 på yrkesfagleg utdanningsprogram? For å få svar på problemstillinga valde eg ei kvalitativ tilnærming der eg har intervjua lærlingane. Eg ønskte å få ei djupare forståing for erfaringsprosessen dei opplevde då dei skulle skaffe seg læreplass. Eg ville få tak i deira opplevingar, synspunkt og forståing. Vidare undersøkte og drøfta eg om funna kunne seie noko om lærlingane hadde føresetnader for å fungere som agentar i eige liv i denne prosessen. I analysearbeidet av datamaterialet nytta eg stegvis-deduktiv induktiv metode (SDI) som verktøy. Hovudfunna i undersøkinga var at lærlingane meinte at det var fleire årsaker til at akkurat dei hadde fått læreplass. Størst vekt la dei på eigeninnsatsen sin og personlege eigenskapar. Dei la òg vekt på at dei hadde fått vist fram kvalitetane sine då dei hadde faget Yrkesfagleg fordjuping (YFF) i bedrift/arbeidsplass. Etter å ha drøfta funna i undersøkinga konkluderte eg med at lærlingane hadde gode føresetnader for å opptre som agentar i eige liv på vegen mot læreplass. Dei har vist at dei mellom anna har sjølvregulerande ferdigheiter, positiv sjølvoppfatning, motivasjon og sjølvstendigheit. Dette er nokre av føresetnadene for å fungere som agent i eige liv.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectAgent i eige liven_US
dc.subjectMinoritetsspråklegen_US
dc.subjectFlyktningaren_US
dc.subjectLærlingen_US
dc.subjectLæreplassen_US
dc.subjectYrkesfagleg utdanningen_US
dc.titleAgentar i eige liv: Minoritetsspråklege gutar på veg mot læreplassen_US
dc.title.alternativeHuman agency: Minority Language Speaking Male Pupils’ Pathways to Apprenticeshipen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMASPED3en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal