ADHD i ein baseskule - ein casestudie
Master thesis

Åpne
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3067492Utgivelsesdato
2023Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Bakgrunn og føremål: Denne masteroppgåva tek føre seg Attention Deficit Hyperactivity Disorder (ADHD) i baseskule. Studien er motivert av manglande evaluering og forsking på brukarperspektivet i baseskular med opne og fleksible areal. Føremålet med studien er å bidra til innsikt i korleis dei fysiske rammene og organiseringa i ein enkelt baseskule verkar inn på skulegangen til elevar med ADHD. Problemstillinga for studien er: «Korleis opplever lærarar at dei fysiske rammene og organiseringa i ein baseskule verkar inn på skulegangen til elevar med ADHD?»
Metode: Studien tek utgangspunkt i ei kvalitativ tilnærming og er utforma som ein casestudie av ein enkelt baseskule. Det empiriske materiale byggjer på semistrukturerte intervju av fire lærarar tilsett ved den aktuelle caseskulen. Intervjudata er transkribert manuelt og analysert etter stegvis-deduktiv induktiv metode (SDI) ved hjelp av analyseprogrammet NVivo.
Resultat og konklusjon: Studien finn fordelar og utfordringar ved skulegang i baseskule med omsyn til elevar med ADHD. Dei viktigaste funna kan summerast i to punkt: 1. Samarbeid mellom lærarar aukar kvaliteten på opplæringa og er sentralt for at elevar med ADHD skal få eit godt utbytte av opplæringa i baseskule. 2. Struktur og føreseielegheit er ein føresetnad for å tilpasse opplæringa i baseskule både til elevar med ADHD, men også til resten av elevgruppa. Dei to hovudfunna er knytt opp mot teori og har verka som bakteppe for utvikling av ein modell over ulike baseskulemiljø. Modellen søker å gi ei forståing av korleis grad av samarbeid og struktur og føreseielegheit kan resultere i ulike typar baseskulemiljø frå eit ADHD-inkluderande miljø til eit ADHD-ekskluderande miljø.
Beskrivelse
Master i praktisk utdanningsvitenskap, Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen