Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorBore, Maren Ulgenes
dc.date.accessioned2023-05-10T12:06:45Z
dc.date.available2023-05-10T12:06:45Z
dc.date.issued2023
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3067492
dc.descriptionMaster i praktisk utdanningsvitenskap, Høgskulen på Vestlandet, campus Bergenen_US
dc.description.abstractBakgrunn og føremål: Denne masteroppgåva tek føre seg Attention Deficit Hyperactivity Disorder (ADHD) i baseskule. Studien er motivert av manglande evaluering og forsking på brukarperspektivet i baseskular med opne og fleksible areal. Føremålet med studien er å bidra til innsikt i korleis dei fysiske rammene og organiseringa i ein enkelt baseskule verkar inn på skulegangen til elevar med ADHD. Problemstillinga for studien er: «Korleis opplever lærarar at dei fysiske rammene og organiseringa i ein baseskule verkar inn på skulegangen til elevar med ADHD?» Metode: Studien tek utgangspunkt i ei kvalitativ tilnærming og er utforma som ein casestudie av ein enkelt baseskule. Det empiriske materiale byggjer på semistrukturerte intervju av fire lærarar tilsett ved den aktuelle caseskulen. Intervjudata er transkribert manuelt og analysert etter stegvis-deduktiv induktiv metode (SDI) ved hjelp av analyseprogrammet NVivo. Resultat og konklusjon: Studien finn fordelar og utfordringar ved skulegang i baseskule med omsyn til elevar med ADHD. Dei viktigaste funna kan summerast i to punkt: 1. Samarbeid mellom lærarar aukar kvaliteten på opplæringa og er sentralt for at elevar med ADHD skal få eit godt utbytte av opplæringa i baseskule. 2. Struktur og føreseielegheit er ein føresetnad for å tilpasse opplæringa i baseskule både til elevar med ADHD, men også til resten av elevgruppa. Dei to hovudfunna er knytt opp mot teori og har verka som bakteppe for utvikling av ein modell over ulike baseskulemiljø. Modellen søker å gi ei forståing av korleis grad av samarbeid og struktur og føreseielegheit kan resultere i ulike typar baseskulemiljø frå eit ADHD-inkluderande miljø til eit ADHD-ekskluderande miljø.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectbaseskuleen_US
dc.subjectADHDen_US
dc.subjectlæringsmiljøen_US
dc.subjectbaseskulemiljøen_US
dc.titleADHD i ein baseskule - ein casestudieen_US
dc.title.alternativeADHD in an open space school - a case studyen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMPUV550en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal