Vanskelege samtalar med foreldre : Ei kvalitativ undersøking om kva erfarne lærarar legg vekt på om dei må ha ein vanskeleg samtale med foreldra om eleven
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/285173Utgivelsesdato
2015Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Eg har fått eit lite innblikk korleis det er å vere lærar etter 3 tre år som lærarstudent. I denne oppgåva vil eg undersøke kva erfarne lærarar legg vekt på om dei må ha ein vanskeleg samtale med foreldre om eleven. Eg vil sjå på korleis ein lærar tek opp vanskelege tema om eleven i samtalar med foreldre, og korleis ein førebur seg i dette arbeidet. Eg har valt å bruke «samtalar med foreldre», sidan det ikkje er eit fasitsvar på kva samtaleform som er best. I praksis fekk eg observera fleire konferansetimar. Kontaktlærar skal ha ein planlagt og strukturert samtale med foreldra minst to gongar i skuleåret. Skulen skal i følgje opplæringslova §1-1 og 13-3d sørgje for samarbeid med heimen. Desse samtalane skal ha eleven i fokus, og bidra til eleven si faglege og sosiale utvikling (Utdanningsdirektoratet, 2010). Samtalane eg observerte gjekk som planlagt. Dersom dei ikkje gjer det, fekk eg ideen om å skrive om dette temaet. Eg meina det vil vera relevant for nyutdanna lærarar å ha meir kunnskap om dette. Sidan det er eit vanskeleg tema, er det viktig å ha kunnskap om korleis ein kan gripe tak i det. Problemstillinga mi er:
«Korleis kan ein lærar ta opp vanskelege tema om eleven i samtalar med foreldre, og korleis kan ein førebu ein seg?»
Beskrivelse
Grunnskulelærar 5.-10.
PE379
Mai 2015