Omvendt undervising i høgare utdanning
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2766104Utgivelsesdato
2021Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Målet for denne kvalitative studien er å finne ut kva måte omvendt undervisning kan bidra til å påverke motivasjon hjå studentar i teoretiske fag. Her har det gjennom aksjonsforsking blitt gjennomført to økter med omvendt undervisning for heile kullet på trafikklærarutdanninga. Data har blitt samla inn gjennom observasjon og semistrukturert intervju, og blei transkribert og vidare analysert gjennom tematisk analyse.
Funna viser at storparten av informantane var positive til omvendt undervising. Dei følte dei fekk starta refleksjonar tidlegare som førte til at dei blei tryggare på lærestoffet. Vidare meinte dei at dette førte til at dei blei tryggare på å delta meir aktivt i klasserommet. Gjennom studien viste det seg eit tydeleg skilje mellom praktisk sterke og teoretisk sterke studentar si tilnærming til omvendt undervisning. Dei praktisk sterke studentane likte omvendt undervising i større grad og ville gjerne ha meir av denne forma for undervising. Dei teoretisk sterke studentane likte ikkje denne forma undervisning noko særleg i starten, men blei meir positive til den etter kvart. Storparten av informantane såg på video som mindre gjeldane enn fagstoff i bøkene. Det kom også fram at dei såg på videobruk som juks og latskap.
Beskrivelse
Master IKT i læring Høgskulen på Vestlandet, campus Stord,
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI)