«Sat vi berre der heile matematikktimen!?» : Ein kvalitativ studie av utviklingsarbeid med fysisk aktiv læring
Abstract
Denne studien omhandlar utviklingsarbeid i skulen. Tematikken for studien kjem frå nasjonale styringsdokument, trendar i internasjonale utviklingsarbeid, fysisk aktiv læring(FAL) og lærarar som profesjon. Med dette som bakteppe har studien tatt sikte på å sjå korleis lærarar saman kan møte dei stadig aukande krava i norsk skule. Studien ser også på korleis lærarar oppfattar ein utviklingsprosjekt med fysisk aktiv læring der dei sjølv styrer store delar av prosjektet. For å sjå på dette har eg sett på erfaringane gjort av seks lærarar ved ein ungdomsskule i Vestland under gjennomføringa av utviklingsprosjektet «Kunnskap i bevegelse». Utifrå dette vart følgjande problemstilling utarbeidd: Korleis opplev ungdomsskulelærarar eit utviklingsarbeid med FAL basert på samarbeid med fleire interessentar? Studien har eit kvalitativ tilnærming, og det har vore nytta to ulike fokusgruppeintervju for å samle inn data. Begge intervjua hadde likt utval, som var seks matematikklærarar på 8. og 9.klasse ved same ungdomsskule. Implementeringsperioden varte i ni veker. For å belyse problemstillinga har eg mellom anna valt å sjå på følgjande teoretiske kjenneteikn ved utviklingsarbeid: Innhaldsfokus, aktiv læring, modellæring og modellering, coaching og ekspertstøtte, tilbakemeldingar og refleksjon, og vedvaring. Eg har også å brukt teori om FAL og lærarar si rolle i utviklingsarbeid. Mellom anna fann denne studien følgjande: 1. Lærarar treng tid for å kunne gjennomføre utviklingsarbeid 2. Lærarar opplev det som positivt å kunne delta som lærarande deltakarar i læringsfellesskap 3. Lærarar opplev at fysisk aktiv læring motiverer elevane i matematikk.
Description
MAS3-307 Masteroppgåve i læring og undervisning
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI)
Innleveringsdato: 14.05.2021