Show simple item record

dc.contributor.authorStenehjem, Birte
dc.date.accessioned2020-02-28T10:32:26Z
dc.date.available2020-02-28T10:32:26Z
dc.date.issued2019
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2644336
dc.descriptionMaster i spesialpedagogikk Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI) Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag Innleveringsdato: 20.12.19en_US
dc.description.abstractDenne studien undersøker foreldrerettleiing som eit universelt førebyggande tiltak. Problemstillinga som blir undersøkt er: Korleis erfarer rettleiarar Circle of Security- Parenting som eit universelt førebyggande program? Foreldrerettleiing handlar om relasjonar, om forholdet mellom foreldre/føresette og deira barn, men òg om forholdet mellom dei profesjonelle som er sett til å ivareta velferdsstatlege ambisjonar og foreldra (Bråten & Sønsterudbråten, 2016, s.7). Universelle førebyggande tiltak blir nytta utan at det føreligg problem, men skal hindre at dei oppstår. Ved å førebygge og hjelpe tidleg, kan universelle tiltak vere ein del av ein strategi for tidleg innsats (Bråten & Sønsterudbråten, 2016). Studien er avgrensa til foreldrerettleiingsprogrammet Circle of Security- Parenting (COS-P), eit tilknytingsbasert foreldrerettleiingsprogram, som vektlegg samspelet mellom foreldre og barn. Formålet er å undersøke korleis rettleiarar erfarer programmet som eit universelt førebyggande tiltak. Studien har ei teoretisk forankring i systemteori, med vekt på heilskap, relasjon og sirkularitet (Skagen, 2019), og tilknytingsteori, der samspel og relasjon er sentralt. Studien er forankra i det fortolkande paradigmet, og har med grunnlag i problemstilling nytta semistrukturert intervju til innsamling av data. Braun og Clarke (2006) si tematiske analyse er brukt til å systematisere, organisere og finne mønster i data. Tre tema var framtredande etter analysen, som syner hovudfunna til denne studien. Desse var 1) Gruppeprosessens betyding for utbytte av COS-P, 2) Endring av haldningar til omsorgsrolla i møte med barn, og 3) COS-P skal vere for alle. Foreldrerettleiing som eit universelt førebyggande tiltak generelt og COS-P spesielt, blir i denne studien oppfatta som positivt, men at det kan vere vanskeleg å nå foreldra som strevar mest. Tidleg intervensjon basert på riktige og verknadsfulle tiltak er viktig for at barn skal få ei positiv utvikling. Dermed er det avgjerande å setje inn riktige tiltak tidleg.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandet
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectForeldreveiledningen_US
dc.subjectforeldrerettleiingen_US
dc.subjectCircle of Security- Parentingen_US
dc.subjectforebyggende tiltaken_US
dc.subjectuniversell forebyggingen_US
dc.titleForeldrerettleiing som universelt førebyggande tiltak : Rettleiarars erfaringar med Circle of Security- Parentingen_US
dc.title.alternativeParental guidance as a universally preventive measure : Instructors experiences with Circle of Security – Parentingen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.source.pagenumber84en_US
dc.description.localcodeMASPED3-303en_US


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Except where otherwise noted, this item's license is described as Navngivelse 4.0 Internasjonal