Foreldrerettleiing som universelt førebyggande tiltak : Rettleiarars erfaringar med Circle of Security- Parenting
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2644336Utgivelsesdato
2019Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Denne studien undersøker foreldrerettleiing som eit universelt førebyggande tiltak. Problemstillinga som blir undersøkt er: Korleis erfarer rettleiarar Circle of Security- Parenting som eit universelt førebyggande program?
Foreldrerettleiing handlar om relasjonar, om forholdet mellom foreldre/føresette og deira barn, men òg om forholdet mellom dei profesjonelle som er sett til å ivareta velferdsstatlege ambisjonar og foreldra (Bråten & Sønsterudbråten, 2016, s.7). Universelle førebyggande tiltak blir nytta utan at det føreligg problem, men skal hindre at dei oppstår. Ved å førebygge og hjelpe tidleg, kan universelle tiltak vere ein del av ein strategi for tidleg innsats (Bråten & Sønsterudbråten, 2016).
Studien er avgrensa til foreldrerettleiingsprogrammet Circle of Security- Parenting (COS-P), eit tilknytingsbasert foreldrerettleiingsprogram, som vektlegg samspelet mellom foreldre og barn. Formålet er å undersøke korleis rettleiarar erfarer programmet som eit universelt førebyggande tiltak.
Studien har ei teoretisk forankring i systemteori, med vekt på heilskap, relasjon og sirkularitet (Skagen, 2019), og tilknytingsteori, der samspel og relasjon er sentralt.
Studien er forankra i det fortolkande paradigmet, og har med grunnlag i problemstilling nytta semistrukturert intervju til innsamling av data. Braun og Clarke (2006) si tematiske analyse er brukt til å systematisere, organisere og finne mønster i data. Tre tema var framtredande etter analysen, som syner hovudfunna til denne studien. Desse var 1) Gruppeprosessens betyding for utbytte av COS-P, 2) Endring av haldningar til omsorgsrolla i møte med barn, og 3) COS-P skal vere for alle.
Foreldrerettleiing som eit universelt førebyggande tiltak generelt og COS-P spesielt, blir i denne studien oppfatta som positivt, men at det kan vere vanskeleg å nå foreldra som strevar mest. Tidleg intervensjon basert på riktige og verknadsfulle tiltak er viktig for at barn skal få ei positiv utvikling. Dermed er det avgjerande å setje inn riktige tiltak tidleg.
Beskrivelse
Master i spesialpedagogikk Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI)
Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag
Innleveringsdato: 20.12.19