Lese- og skrivevanskar: Korleis tilpasse i klasserommet?
Abstract
I oppgåva vår vil vi undersøke korleis kontaktlærarar legg opp undervisning for elevar med lese- og skrivevanskar og korleis dei kan lukkast med dette. Problemstillinga vår vart følgjande: «Korleis kan kontaktlærarar lukkast med undervisning for elevar med lese- og skrivevanskar i klasserommet?». Oppgåva vår er skrive med bakgrunn i ei kvalitativ undersøking, og vi har nytta intervju som metode for å få svar på problemstillinga. Vi intervjua tre kontaktlærarar som arbeider på ulike trinn på barneskulen. Samarbeid mellom lærarar og spesialpedagogar viser seg å vere viktig når det gjeld korleis lærarar kan lukkast med å ha elevane med lese- og skrivevanskar i klasserommet. Undersøkinga viser også at lærarane vektlegg inkludering og tilpassa undervisning for å kunne lukkast i undervisninga.
Description
Grunnskulelærarutdanning 1-7 Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett 10.05.19