Trauma or not Trauma: that’s the Question : Traumekompetanse i den norske skulen
Abstract
Målet med oppgåva var å sjå etter generelle tendensar for korleis tilsette ved skular vurderer sin eigen kompetanse kring barn med traume. Samtidig ville vi sjå om skulen sin traumekompetanse og dei tilsette sine eigne erfaringar kunne påverke dette.
Problemstillinga vår:
Har tilsette i skulen kjennskap til traume hos barn, og kva kan bidra til auka oppleving av kompetanse på området?
Vi har brukt kvantitativ metode for å samle inn data til undersøkinga vår. Spørjeskjemaet vårt vart sendt til om lag 200 skular i heile landet. Vi fekk 153 respondentar, som inkluderer rektorar, lærarar og andre tilsette ved skulane.
Vi fann at det er store skilnader på traumekompetansen i skulen. Vidare såg vi at kompetanse ikkje hadde nokon samanheng med erfaring, men at eksplisitt undervising derimot såg ut til å ha positiv påverknad. Vi kan difor ikkje forvente at lærarar skal utvikle traumekompetanse på eiga hand.
Description
PE369-1 19V Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag Grunnskulelærarutdanning 1-7 08.05.2018