Potensiell læringseffekt av eit digitalt, adaptivt læringssystem: Multi Smart Øving
Master thesis
Åpne
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2560185Utgivelsesdato
2018Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Bakgrunn: Det finnast etter kvart store mengder digital læringsteknologi innretta mot matematikk på ulike ferdigheitsnivå, både på den norske og den internasjonale marknaden. For faglærarar og læremiddelansvarlege i norske skular finnast det med andre ord enorme mogelegheiter ved utval av læremiddel. Samstundes finnast det særs lite føringar kring kva som vil føre til betre læring, og ei alvorleg mangel på forskingsbaserte evalueringar. Målet med denne studia er å undersøke om eit adaptivt læringssystem frå Gyldendal, Multi Smart Øving (MSØ), har betre læringseffekt samanlikna med tradisjonell undervisning for ei gruppe elevar på 6.trinn.
Metode: Eit kvantitativt, kvasieksperimentelt forskingsprosjekt vart gjennomført. Intervensjonen vart delt inn i to periodar på 6 veker, der to klassar på 6.trinn (ei forsøksgruppe og ei kontrollgruppe) arbeidde med to ulike matematiske emne. Forsøksgruppa brukte MSØ i både skule- og heimearbeid, medan kontrollgruppa arbeidde med læring gjennom tradisjonelt skule- og heimearbeid i lærebok. Det vart gjennomført pre-og post-test for kvar periode. I tillegg vart data kring faglege prestasjonar på ulike standardiserte prøvar samla inn og kontrollert for, samt informasjon kring elevens syn på faget og sosiokulturelle bakrunn.
Resultat: Ei samanlikning mellom dei to gruppene viste ingen skilnad i læringsutbytte. Ut frå dette vart det konkludert med at bruk av MSØ forbetrar læring i same grad som tradisjonell undervisning. Eit interessant tilleggsfunn var at MSØ ser ut til å kunne auke læringseffekta signifikant hjå eit underutval med svakt presterande elevar. Dette funnet er basert på eit særs lite utval av elevar, og kan difor ikkje generaliserast. Det er likevel eit interessant grunnlag for eventuell vidare forsking.
Beskrivelse
Master i læring og undervisning Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett 15.05.2018