Den første lese- og skriveopplæringa med og utan verktøyet STL+
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2446343Utgivelsesdato
2017Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Dei fleste barn kjem til skulen med ei forventning og eit ønskje om å lære seg å lese og skrive. Lærarar har metodefridom i KL06. Denne undersøkinga fokuserer på korleis ulike arbeidsmåtar fungerer i begynnaropplæringa: Kva styrker og utfordringar finn lærarar som har nytta både ordinær lese-‐ og skriveopplæring og verktøyet STL+ i begynnaropplæringa i lesing og skriving. Under eit skulebesøk vart vi introdusert for verktøyet STL+: «Skrive seg til lesing med talande tastatur». Vi har nytta ei kvalitativ undersøking, med intervju som metode, for å belyse problemstillinga vår. Vi intervjua tre lærarar frå tre ulike skular på Vestlandet. Undersøkinga viser mellom anna at dei fleste elevane som nyttar STL+, knekk lesekoden før jul i 1. klasse. Verktøyet gjer det enklare for lærarar å tilpasse opplæringa til kvar enkelt elev, og elevane får jobbe ut frå sine føresetnader. Ulike arbeidsmåtar i begynnaropplæringa har same føremål: å lære elevane å lese og skrive. Funna viser at det som vert nemnt som utfordringar ved den eine arbeidsmåten kan vere ei styrke ved den andre.
Beskrivelse
Grunnskulelærar 1-7 PE 369 Avdeling for lærarutdanning og idrett, institutt for grunnskulelærarutdanning