dc.description.abstract | Formålet med denne bacheloroppgåva er gjennom litteraturstudie å belyse problemstillinga: «Korleis reflekterer innhaldet i studieplanar for norsk grunnskulelærarutdanning det vi veit om barn sine reaksjonar på sorg?» For å finne svar på problemstillinga er lovverk knytt til grunnskule, rammeplan med forskrift for grunnskulelærarutdanning, studieplanar på tre utvalde høgskular i ulike delar av landet, forskingsarbeid og litteratur knytt til barn i sorg studert. I ein studie gjort av Dyregrov, Dyregrov og Idsoe (2013) meinte 90% av lærarane at dei hadde for lite kunnskap om sorg og omtrent 50% meinte at sorgarbeid ikkje var ei oppgåve for læraren, men for profesjonelle. Dette sett i samanheng med at dei tre studieplanane som er studert har ulikskapar i målformuleringane, kan gi ein indikasjon på at der er ulik opplæring, ut frå kvar i landet ein studerer. Resultata mine er ikkje eigna til å generalisere, men er heller ein indikasjon på at temaet blir vektlagt ulikt i grunnskulelærarutdanninga. Ein kan derfor anta at der er varierande kunnskapar blant lærarar ute i skulane, og dermed blir sorgstøttearbeidet på landsbasis tilfeldig og usystematisk. | nb_NO |