Tårer utan stemme : ein studie av korleis innhaldet i studieplanar på norsk grunnskulelærarutdanning 1.-7. reflekterer det vi veit om barn sine reaksjonar på sorg.
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2446342Utgivelsesdato
2017Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Formålet med denne bacheloroppgåva er gjennom litteraturstudie å belyse problemstillinga: «Korleis reflekterer innhaldet i studieplanar for norsk grunnskulelærarutdanning det vi veit om barn sine reaksjonar på sorg?» For å finne svar på problemstillinga er lovverk knytt til grunnskule, rammeplan med forskrift for grunnskulelærarutdanning, studieplanar på tre utvalde høgskular i ulike delar av landet, forskingsarbeid og litteratur knytt til barn i sorg studert. I ein studie gjort av Dyregrov, Dyregrov og Idsoe (2013) meinte 90% av lærarane at dei hadde for lite kunnskap om sorg og omtrent 50% meinte at sorgarbeid ikkje var ei oppgåve for læraren, men for profesjonelle. Dette sett i samanheng med at dei tre studieplanane som er studert har ulikskapar i målformuleringane, kan gi ein indikasjon på at der er ulik opplæring, ut frå kvar i landet ein studerer. Resultata mine er ikkje eigna til å generalisere, men er heller ein indikasjon på at temaet blir vektlagt ulikt i grunnskulelærarutdanninga. Ein kan derfor anta at der er varierande kunnskapar blant lærarar ute i skulane, og dermed blir sorgstøttearbeidet på landsbasis tilfeldig og usystematisk.