The sense of music and technology: Innføring av interaktiv tavle i musikkfaget på ungdomstrinnet : Omforming av undervisningspraksis?
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/152386Utgivelsesdato
2011-11-22Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Dette studiet har hatt som føremål å sjå nærare på kva pedagogiske implikasjonar inn-føring og bruk av interaktiv tavle (IWB) i musikkundervisninga på ungdomstrinnet kan leia til over tid. Gjennom erfaringar nedteikna som refleksjonsnotat supplert med vi-deoobservasjon, elevrespons ved bruk av spørjeundersøking og kvalitative intervju med andre brukarar, søkjer oppgåva å kaste lys over desse implikasjonane i ein kon-tekst med annan forsking og refleksjon kring bruk av interaktive tavler i musikkunder-visninga.
Oppgåva har som hovudproblemstilling: Korleis endrar undervisningspraksis seg ved innføring av interaktiv tavle i musikkfaget på ungdomstrinnet? For å prøva å finna svar på dette har oppgåva hatt hovudfokus på fylgjande forskingsspørsmål:
Kan ein sjå nokon omforming av undervisningspraksis ved innføring av dette verktøyet i musikkundervisninga?
Gjev musikkundervisninga med interaktiv tavle ei endra oppfatning av under-visninga i faget i høve til andre verktøy?
Kva rolle spelar interaksjonen (samhandlinga) som skjer ved bruk av eit slikt verktøy i høve til læringsmiljø og undervisningspraksis?
Undersøkinga er basert på eigen praksis og nyttar ei tilnærming der eg sjølv aktivt tek del i det eg undersøker. Det vert argumentert for at ei slik form for forsking er verdifull fordi ho gjev fyrstehands kunnskap om bruken av verktøyet over lang tid i musikk-rommet, innan rammene av den gjevne konteksten.
Funna i undersøkinga syner at ein i denne konteksten finn endring i undervisningsprak-sis mellom anna ved at frekvensen på generell bruk av IKT i musikkfaget aukar. Bruken av Internett vert meir dominerande og nye måtar å nytta tavle på vert teken i bruk i faget. Samstundes konkluderer undersøkinga med at det er fleire utfordringar knytt til innføring av IWB i musikkfaget, mellom anna i høve til kompetanse og interaksjon med teknikken.
I høve til musikkfaget finn ein at tavla kan nyttast innan alle hovudområde av faget, men at det særleg er i høve til områda lytting og komponering ho har vore nytta mest i prøveperioden.
Undersøkinga konkluderer med at å innføra IWB i musikkundervisninga på ungdoms-trinnet ser ut til å ha skapt nokre nye rammer kring musikkundervisninga som legg til rette for auka variasjon og dynamikk i undervisningspraksisen. Dette skjer mellom anna gjennom kontekstar med dialog og samhandling, og gjennom å nytta tavla som ein multimodal støttespelar og ressurs innan ulike musikkfaglege emne.