Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorLiknes, Lars J
dc.date.accessioned2011-11-22T12:55:20Z
dc.date.available2011-11-22T12:55:20Z
dc.date.issued2011-11-22
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/152386
dc.description.abstractDette studiet har hatt som føremål å sjå nærare på kva pedagogiske implikasjonar inn-føring og bruk av interaktiv tavle (IWB) i musikkundervisninga på ungdomstrinnet kan leia til over tid. Gjennom erfaringar nedteikna som refleksjonsnotat supplert med vi-deoobservasjon, elevrespons ved bruk av spørjeundersøking og kvalitative intervju med andre brukarar, søkjer oppgåva å kaste lys over desse implikasjonane i ein kon-tekst med annan forsking og refleksjon kring bruk av interaktive tavler i musikkunder-visninga. Oppgåva har som hovudproblemstilling: Korleis endrar undervisningspraksis seg ved innføring av interaktiv tavle i musikkfaget på ungdomstrinnet? For å prøva å finna svar på dette har oppgåva hatt hovudfokus på fylgjande forskingsspørsmål:  Kan ein sjå nokon omforming av undervisningspraksis ved innføring av dette verktøyet i musikkundervisninga?  Gjev musikkundervisninga med interaktiv tavle ei endra oppfatning av under-visninga i faget i høve til andre verktøy?  Kva rolle spelar interaksjonen (samhandlinga) som skjer ved bruk av eit slikt verktøy i høve til læringsmiljø og undervisningspraksis? Undersøkinga er basert på eigen praksis og nyttar ei tilnærming der eg sjølv aktivt tek del i det eg undersøker. Det vert argumentert for at ei slik form for forsking er verdifull fordi ho gjev fyrstehands kunnskap om bruken av verktøyet over lang tid i musikk-rommet, innan rammene av den gjevne konteksten. Funna i undersøkinga syner at ein i denne konteksten finn endring i undervisningsprak-sis mellom anna ved at frekvensen på generell bruk av IKT i musikkfaget aukar. Bruken av Internett vert meir dominerande og nye måtar å nytta tavle på vert teken i bruk i faget. Samstundes konkluderer undersøkinga med at det er fleire utfordringar knytt til innføring av IWB i musikkfaget, mellom anna i høve til kompetanse og interaksjon med teknikken. I høve til musikkfaget finn ein at tavla kan nyttast innan alle hovudområde av faget, men at det særleg er i høve til områda lytting og komponering ho har vore nytta mest i prøveperioden. Undersøkinga konkluderer med at å innføra IWB i musikkundervisninga på ungdoms-trinnet ser ut til å ha skapt nokre nye rammer kring musikkundervisninga som legg til rette for auka variasjon og dynamikk i undervisningspraksisen. Dette skjer mellom anna gjennom kontekstar med dialog og samhandling, og gjennom å nytta tavla som ein multimodal støttespelar og ressurs innan ulike musikkfaglege emne.no_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.subjectIKTno_NO
dc.titleThe sense of music and technology: Innføring av interaktiv tavle i musikkfaget på ungdomstrinnet : Omforming av undervisningspraksis?no_NO
dc.typeMaster thesisno_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel