Digital mobbing i ungdomsskulen: om mobbeoffer, medelev og lærar si oppleving av problemet
Abstract
Denne oppgåva har som mål å belysa mogelege forskjellar i korleis mobbeoffer, lærarar og medelevar opplever digital mobbing. Utgangspunktet for analysen er ei nettbasert spørjeundersøking blant elevar og lærarar i tre ungdomsskular. Funna frå undersøkinga blir drøfta i lys av to forklaringsmodellar, basert på følgjande perspektiv: 1) sjølvoppfatning og identitet og 2) kultur og kontekst. Ulike data om førekomst, tiltak og informasjon om digital mobbing generelt, blir òg trekt inn i drøftinga.
Dei to nettbaserte spørjeskjema1 blei laga på læringsplattforma It’s Learning, som var kjent blant alle respondentar. Underteikna var til stades under elevundersøkinga, for å forklara ev. misforståingar. Funna blei lagra i It’s Learning, og analysert ved hjelp av SPSS. I den statistiske bearbeidinga av materialet blei det i hovudsak nytta deskriptiv analyse med frekvenstabellar, krysstabellar med kji-kvadrat (χ2) - analyse. Visualiseringa blei gjort i Excel, ved bruk av stolpediagram. Forskingsspørsmåla blir delt inn i del I og del II. Den første delen blir i hovudsak ei kvantitativ undersøking, medan den andre delen grensar meir til ein kvalitativ studie. I metodedelen (Kap. 3) blir det utdjupa kvifor eg valde å bruka ein kvantitativ metode som spørjeskjema på forskingsspørsmål som truleg ville blitt belyst best ved ein kvalitativ metode, som t.d. intervju. Del I: omhandlar førekomst av digital mobbing
o Kva er omfanget av digital mobbing generelt, og i høve til ulike former for digital mobbing?
o Er det forskjellar mellom kjønn, både ved førekomsten generelt, og ved ulike former av digital mobbing?
o Kva arena skjer mobbinga på?
Del II: omhandlar i kva grad mobbeoffer, medelev og lærarar oppfattar forskjellar ved:
o registrering av ulike former for digital mobbing?
1 Det blei laga eitt skjema til elevar, og eitt til lærarar (Sætre, 2007a, Sætre, 2007b).
o tiltak retta mot digital mobbinga?
o læraren si handtering av digital mobbing?
Ut ifrå resultatet i undersøkinga blei det gjort fleire viktige funn som:
48 % av mobbeoffera meiner at lærar ”nesten aldri” hjelper ein elev som blir mobba digitalt
Dobbelt så mange jenter som gutar, blir utsett for digital mobbing
Færre mobbeoffer enn medelevar ynskjer at læraren snakkar om mobbing i klasserommet, på foreldremøte, og med foreldra til dei involverte.