Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSætre, Jorunn Teigen
dc.date.accessioned2009-03-25T09:58:38Z
dc.date.issued2009
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/152333
dc.description.abstractDenne oppgåva har som mål å belysa mogelege forskjellar i korleis mobbeoffer, lærarar og medelevar opplever digital mobbing. Utgangspunktet for analysen er ei nettbasert spørjeundersøking blant elevar og lærarar i tre ungdomsskular. Funna frå undersøkinga blir drøfta i lys av to forklaringsmodellar, basert på følgjande perspektiv: 1) sjølvoppfatning og identitet og 2) kultur og kontekst. Ulike data om førekomst, tiltak og informasjon om digital mobbing generelt, blir òg trekt inn i drøftinga. Dei to nettbaserte spørjeskjema1 blei laga på læringsplattforma It’s Learning, som var kjent blant alle respondentar. Underteikna var til stades under elevundersøkinga, for å forklara ev. misforståingar. Funna blei lagra i It’s Learning, og analysert ved hjelp av SPSS. I den statistiske bearbeidinga av materialet blei det i hovudsak nytta deskriptiv analyse med frekvenstabellar, krysstabellar med kji-kvadrat (χ2) - analyse. Visualiseringa blei gjort i Excel, ved bruk av stolpediagram. Forskingsspørsmåla blir delt inn i del I og del II. Den første delen blir i hovudsak ei kvantitativ undersøking, medan den andre delen grensar meir til ein kvalitativ studie. I metodedelen (Kap. 3) blir det utdjupa kvifor eg valde å bruka ein kvantitativ metode som spørjeskjema på forskingsspørsmål som truleg ville blitt belyst best ved ein kvalitativ metode, som t.d. intervju. Del I: omhandlar førekomst av digital mobbing o Kva er omfanget av digital mobbing generelt, og i høve til ulike former for digital mobbing? o Er det forskjellar mellom kjønn, både ved førekomsten generelt, og ved ulike former av digital mobbing? o Kva arena skjer mobbinga på? Del II: omhandlar i kva grad mobbeoffer, medelev og lærarar oppfattar forskjellar ved: o registrering av ulike former for digital mobbing? 1 Det blei laga eitt skjema til elevar, og eitt til lærarar (Sætre, 2007a, Sætre, 2007b). o tiltak retta mot digital mobbinga? o læraren si handtering av digital mobbing? Ut ifrå resultatet i undersøkinga blei det gjort fleire viktige funn som:  48 % av mobbeoffera meiner at lærar ”nesten aldri” hjelper ein elev som blir mobba digitalt  Dobbelt så mange jenter som gutar, blir utsett for digital mobbing  Færre mobbeoffer enn medelevar ynskjer at læraren snakkar om mobbing i klasserommet, på foreldremøte, og med foreldra til dei involverte.en
dc.format.extent1345987 bytes
dc.format.mimetypeapplication/pdf
dc.language.isonoren
dc.subjectIKTen
dc.titleDigital mobbing i ungdomsskulen: om mobbeoffer, medelev og lærar si oppleving av problemeten
dc.typeMaster thesisen


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel