Inkludering av lesesvake elever: Er me på veg til å få ei tilpassa opplæring som inkluderer alle i eit klasserom, og tar en omsyn til elevane si sjølvoppfatning i denne prosessen?
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/152163Utgivelsesdato
2012-06-27Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Denne oppgåva har føljande problemstilling: Er me på veg til å få ei tilpassa opplæring som
inkluderer alle i eit klasserom, og tar ein omsyn til elevane si sjølvoppfatning i denne
prosessen? Ettersom problemformuleringa har eit vidt spekter, vel eg å informere om at eg har
fokusert på elevar som slit med lesing. Vidare spør eg meg sjølv om blir det tatt omsyn til
elevane sine følelsar når dei blir tatt ut av klasserommet for å lese? Blir det fokusert på
elevane sitt beste, framfor ”kva som alltid har blitt gjort?”
Eg tar føre meg teoretiske perspektiv som er viktige for problemstillinga mi, og kan nemne
tema som: tilpassa opplæring og inkludering, sjølvoppfatning, leseutvikling m.m. Eg tar med
meg denne teorien gjennom oppgåva og drøfter mine meiningar i lys av resultat og teori, i
kapittelet resultat og drøfting.
Målet med denne oppgåva var å sjå om den aktuelle skulen hadde fått til noko når det gjeld
inkluderinga av lesesvake elevar, og om dei i denne prosessen tok omsyn til elevane si
sjølvoppfatning. Dette var noko eg hadde mistankar om at dei hadde fått til på førehand, men
var interessert i å få vita korleis dei, eventuelt, hadde fått dette til.
Eg har vald å ta ei kvalitativ tilnærming til oppgåva med intervju som hjelpemiddel, då eg
visste kva eg var på jakt etter, og trengte å gå litt meir i djupet på eit bestemt tema. Det var
difor mest hensiktsmessig for meg å velje denne metoden. I forkant av undersøkinga mi,
sendte eg eit informasjonsskriv til den skulen som var aktuell og til informantane mine. Der
klargjorde eg kva undersøkinga mi skulle ta føre seg, samt at informantane kunne trekkje seg
kva tid som helst gjennom undersøkinga.
Det viser seg at eg var på rett spor då eg tenkte at denne skulen hadde fått til noko når det
gjaldt å inkludere lesesvake elevar, men samstundes så treng ein ikkje alltid vera i eit stort
klasserom for å kjenne på kjensla av inkludering. Eg opplevde å finne ut at informantane mine
klarte og få til inkluderinga på ein bra måte, sjølv om heile klassen ikkje alltid var samla. Når
det kom til sjølvoppfatninga til elevane, så er dette eit ”delikat” tema, som er vanskelege å få
tydlege svar på. Det er på dette området eg sit igjen med flest spørsmål. Er dette noko av det,
me som morgondagens og dagens lærarar, må vera meir vakne på? Blir sjølvoppfatninga til
elevane tatt nok omsyn til? Dette er problemstillingar eg sit igjen med etter undersøkinga.