Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorIsaksen, Monica
dc.date.accessioned2012-06-27T08:21:05Z
dc.date.available2012-06-27T08:21:05Z
dc.date.issued2012-06-27
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/152163
dc.description.abstractDenne oppgåva har føljande problemstilling: Er me på veg til å få ei tilpassa opplæring som inkluderer alle i eit klasserom, og tar ein omsyn til elevane si sjølvoppfatning i denne prosessen? Ettersom problemformuleringa har eit vidt spekter, vel eg å informere om at eg har fokusert på elevar som slit med lesing. Vidare spør eg meg sjølv om blir det tatt omsyn til elevane sine følelsar når dei blir tatt ut av klasserommet for å lese? Blir det fokusert på elevane sitt beste, framfor ”kva som alltid har blitt gjort?” Eg tar føre meg teoretiske perspektiv som er viktige for problemstillinga mi, og kan nemne tema som: tilpassa opplæring og inkludering, sjølvoppfatning, leseutvikling m.m. Eg tar med meg denne teorien gjennom oppgåva og drøfter mine meiningar i lys av resultat og teori, i kapittelet resultat og drøfting. Målet med denne oppgåva var å sjå om den aktuelle skulen hadde fått til noko når det gjeld inkluderinga av lesesvake elevar, og om dei i denne prosessen tok omsyn til elevane si sjølvoppfatning. Dette var noko eg hadde mistankar om at dei hadde fått til på førehand, men var interessert i å få vita korleis dei, eventuelt, hadde fått dette til. Eg har vald å ta ei kvalitativ tilnærming til oppgåva med intervju som hjelpemiddel, då eg visste kva eg var på jakt etter, og trengte å gå litt meir i djupet på eit bestemt tema. Det var difor mest hensiktsmessig for meg å velje denne metoden. I forkant av undersøkinga mi, sendte eg eit informasjonsskriv til den skulen som var aktuell og til informantane mine. Der klargjorde eg kva undersøkinga mi skulle ta føre seg, samt at informantane kunne trekkje seg kva tid som helst gjennom undersøkinga. Det viser seg at eg var på rett spor då eg tenkte at denne skulen hadde fått til noko når det gjaldt å inkludere lesesvake elevar, men samstundes så treng ein ikkje alltid vera i eit stort klasserom for å kjenne på kjensla av inkludering. Eg opplevde å finne ut at informantane mine klarte og få til inkluderinga på ein bra måte, sjølv om heile klassen ikkje alltid var samla. Når det kom til sjølvoppfatninga til elevane, så er dette eit ”delikat” tema, som er vanskelege å få tydlege svar på. Det er på dette området eg sit igjen med flest spørsmål. Er dette noko av det, me som morgondagens og dagens lærarar, må vera meir vakne på? Blir sjølvoppfatninga til elevane tatt nok omsyn til? Dette er problemstillingar eg sit igjen med etter undersøkinga.no_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.subjectPedagogikkno_NO
dc.subjectElevkunnskapno_NO
dc.titleInkludering av lesesvake elever: Er me på veg til å få ei tilpassa opplæring som inkluderer alle i eit klasserom, og tar en omsyn til elevane si sjølvoppfatning i denne prosessen?no_NO
dc.typeBachelor thesisno_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel