Rettleiing i teikning
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/152157Utgivelsesdato
2012-06-27Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Undersøkinga mi i denne oppgåva var å finne ulike strategiar for rettleiing ein kan nytte i
teikneundervisning. Eg har gjennomført ein observasjon i to 3. klassar der eg har sett på ulike
rettleiingsstrategiar, og om dei er til hjelp for elevane i ein teikneprosess der elevane skal lære
å teikne ein undulat, noko som er nytt for dei. Dei data eg sit att med vil eg tru er generelt for
mange 3. klassar, då dei to klassane eg observerte hadde nokså ulike utgangspunkt, men enda
opp med like bra resultat.
Eg valde å leggje vekt på fem strategiar i teikneundervisninga; dialog, kopiering, modell, ein
meir kompetent vaksen, og klasserommet. Elevane fekk sjølv velje kva strategiar dei ønskte å
bruke i teikneprosessen. Dette gjorde at elevane fekk bruke dei strategiane dei fann mest
nyttig i prosessen, noko som igjen gjorde at elevane vart meir medvitne over si eiga læring.
Eg observerte elevane i heile prosessen, og eg har i hovudsak valt å drøfta observasjonane
mine i lys av det sosiokulturelle læringsperspektivet, då dette er eit læringsperspektiv som er
veldig aktuelt i eit praktisk fag som kunst og handverk. Lowenfeld og hans syn på det
utviklingspsykologiske læringsperspektivet er også aktuell teori for å forstå kvifor barn
teiknar som dei gjer, eg vil difor sjå teikningane litt i lys av dette perspektivet også der eg finn
det sentralt i drøftinga.
Eli Thorbergsen og Nina Scott Frisch har tekstar eg har funne svært aktuelle, Thorbergsen si
lærarrettleiing til elevheftet, ”Tegneglede 1” fann eg svært relevant då eg skulle lage
undervisningsopplegget, og Frisch sin forskingsartikkel, ”Når øyet styrer hånden” inneheld
mykje det same som eg har funne sentralt i mi undersøking.
Drøftinga av eit utval elevteikningar gjev innsyn i korleis ein 3. klassing teiknar, og korleis
han nytta rettleiinga han hadde tilgjengeleg. Elevane brukte ulike retteliingsstrategiar, nokon
fann den beste rettleiinga i å studere bileta, andre synst samtale med ein meir kompetent
vaksen var best, medan andre samarbeidar seg gjennom undulat- oppskrifta dei fekk utdelt.
Mine observasjonar viser at elevar lærer på ulik måte og treng ulik rettleiing, difor er det
viktig at elevane har ulike rettleiingsstrategiar tilgjengeleg, slik at dei kan finne den som
passar dei best.