Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorAas, Agnete Valvatne
dc.date.accessioned2012-06-27T08:17:43Z
dc.date.available2012-06-27T08:17:43Z
dc.date.issued2012-06-27
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/152157
dc.description.abstractUndersøkinga mi i denne oppgåva var å finne ulike strategiar for rettleiing ein kan nytte i teikneundervisning. Eg har gjennomført ein observasjon i to 3. klassar der eg har sett på ulike rettleiingsstrategiar, og om dei er til hjelp for elevane i ein teikneprosess der elevane skal lære å teikne ein undulat, noko som er nytt for dei. Dei data eg sit att med vil eg tru er generelt for mange 3. klassar, då dei to klassane eg observerte hadde nokså ulike utgangspunkt, men enda opp med like bra resultat. Eg valde å leggje vekt på fem strategiar i teikneundervisninga; dialog, kopiering, modell, ein meir kompetent vaksen, og klasserommet. Elevane fekk sjølv velje kva strategiar dei ønskte å bruke i teikneprosessen. Dette gjorde at elevane fekk bruke dei strategiane dei fann mest nyttig i prosessen, noko som igjen gjorde at elevane vart meir medvitne over si eiga læring. Eg observerte elevane i heile prosessen, og eg har i hovudsak valt å drøfta observasjonane mine i lys av det sosiokulturelle læringsperspektivet, då dette er eit læringsperspektiv som er veldig aktuelt i eit praktisk fag som kunst og handverk. Lowenfeld og hans syn på det utviklingspsykologiske læringsperspektivet er også aktuell teori for å forstå kvifor barn teiknar som dei gjer, eg vil difor sjå teikningane litt i lys av dette perspektivet også der eg finn det sentralt i drøftinga. Eli Thorbergsen og Nina Scott Frisch har tekstar eg har funne svært aktuelle, Thorbergsen si lærarrettleiing til elevheftet, ”Tegneglede 1” fann eg svært relevant då eg skulle lage undervisningsopplegget, og Frisch sin forskingsartikkel, ”Når øyet styrer hånden” inneheld mykje det same som eg har funne sentralt i mi undersøking. Drøftinga av eit utval elevteikningar gjev innsyn i korleis ein 3. klassing teiknar, og korleis han nytta rettleiinga han hadde tilgjengeleg. Elevane brukte ulike retteliingsstrategiar, nokon fann den beste rettleiinga i å studere bileta, andre synst samtale med ein meir kompetent vaksen var best, medan andre samarbeidar seg gjennom undulat- oppskrifta dei fekk utdelt. Mine observasjonar viser at elevar lærer på ulik måte og treng ulik rettleiing, difor er det viktig at elevane har ulike rettleiingsstrategiar tilgjengeleg, slik at dei kan finne den som passar dei best.no_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.subjectPedagogikkno_NO
dc.subjectElevkunnskapno_NO
dc.titleRettleiing i teikningno_NO
dc.typeBachelor thesisno_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel