Refleksjonsbaserte lærarmapper som reiskap for utvikling av vurderingskompetanse (RLM): Rapport for prosjektnr. NFR: 182883
Research report
Åpne
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/152122Utgivelsesdato
2010Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
RLM-prosjektet er både eit skuleutviklingsprosjekt og eit forskingsprosjekt.
Dei prosessorienterte måla har vore å utvikle gode metodar
for kompetanseutvikling innanfor vurderingsfeltet i skulen, å bidra til
utvikling av gode praksisrelaterte forskingsmetodar og å utvikle dei
involverte lærarane sin vurderingskompetanse og dei involverte
forskarane sin forskingskompetanse. Dei produksjonsorienterte måla
har vore å utvikle vurderingspraksisen til dei lærarane og lærarstudentane
som har vore involverte, å forskingsmessig belyse dei praksisane
som er studerte og den utviklinga som har skjedd gjennom prosjektperioden.
Metodisk er RLM-prosjektet eit aksjonsforskings- og case-studium,
basert på ei overordna kvalitativ tilnærming, men også med islag av
kvantitative survey- og observasjonsdata. I analysen av klasseromspraksis
har vi trekt inn data frå videoobservasjonar, vanlege feltobservasjonar
og kvantitative målingar av praksis.
Av sentrale funn i prosjektet kan nemnast:
Lærarane, skuleleiarane og forskarane har utvikla eit sett kriterium
for god vurderingspraksis.
Lærarane sin vurderingspraksis er differensiert og tyder
mellom anna på at fagleg sterke og aktive elevar får vesentleg
meir fagleg orienterte tilbakemeldingar enn svake og passive
elevar. Tilbakemeldingane til dei svake elevane er i større grad
sosialt og åtferdsmessig orienterte.
Lærarane sine refleksjonar endrar seg kvalitativt over tid, fordi
teori, forsking og evaluering av eigen praksis i stadig større grad
blir trekt inn i refleksjonsgrunnlaget.