Nokre teoretiske perspektiv på leiing av lærande skular : undervegstekstar
Glosvik, Øyvind; Roald, Knut; Vårdal, Kari; Abrahamsen, Hedvig Neerland; Nistad, Kari Heier; Søvik, Kjersti; Røynesdal, Claus
Abstract
Rapporten er sett saman av åtte kapittel som har til felles at dei handlar om lærande leiing i skuleverket. Det første handlar om tekstutvikling som grunnlag for organisasjonsendring. Det andre drøfter Peter Senges teori om lærande organisasjonar som grunnlag for utøving av skuleleiing. I det tredje vert rommet for pedagogisk leiing i skular drøfta. Rektorar utøver ikkje leiing åleine eller i eit tomrom. Distribuert leiing og leiarteam er difor tema i det fjerde kapitlet, medan lærarsamarbeid er sett i sentrum for kapittel fem. I kapittel seks er det utvikling av læring rundt matematikkundervisning det handlar om. Rektor som kommunal leiar er tema i kapittel sju. I kapittel åtte vert trådane samla i ei drøfting der omgrepet lærande organisasjonar og lærande leiing vert sett opp mot ei utvikling der det vert lagt større vekt på formelle endringar og formelle krav innanfor eit sterkare styrt skulesystem.
Series
HSF Rapport8/2008