Organisasjonslæring i skolar : teoretiske og praktiske perspektiv
Book
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/149475Utgivelsesdato
2004Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Med stortingsmelding nr. 30 (2003-2004) ”Kultur for læring” har Utdannings og forskingsdepartementet (UFD) signalisert eit systemskifte i norsk skole. Læreplanane skal i sterkare grad rettast inn mot kompetansemål. Det skal byggast opp eit nasjonalt kvalitetssystem samtidig som ein tar sikte på å auke det organisatoriske og metodiske handlingsrommet for den enkelte skole.
Både stortingsmeldinga og dei ulike planar som blir utvikla i kjølvatnet av meldinga, understrekar behovet for å utvikle skolar som ’lærande organisasjonar’. Vektlegginga av organisasjonslæring som grunnlag for kompetanseheving i skoleverket, gir auka interesse for å drøfte ulike teoretiske og praktiske perspektiv ved læring i organisasjonar.
Dette heftet omfattar to artiklar som går nærare inn på omgrepet ’skolar som lærande organisasjonar’. Den første artikkelen har primært eit praktisk siktemål, medan den andre artikkelen går nærare inn på aktuelle teoretiske perspektiv
Utgiver
Høgskulen i Sogn og FjordaneSerie
HSF Notat15/2004