Døve bimodalt tospråklege elevar og norsk morfologi: Ein kvalitativ studie av utvalde grammatikkmønster i fire elevtekstar
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3137657Utgivelsesdato
2024Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Norsk teiknspråk står svakt som opplæringsspråk, og det er kritisk mangel på forskingsbasert kunnskap om tospråkleg opplæring som vil gje døve barn tilgang til norsk teiknspråk og norsk. Døve med teiknspråk som førstespråk må lære seg eit skriftspråk basert på ein modalitet dei ikkje sansar: lydar. Denne oppgåva vil ta føre seg korleis døve bimodalt tospråklege barn skriv norsk skriftspråk ved å sjå på utvalde grammatikkmønster i fire elevtekstar. Vidare vil oppgåva ta føre seg kva didaktiske implikasjonar desse språklege mønstera har. Norsk teiknspråk og norsk er to ulike språk basert på ulike modalitetar, eitt visuelt-gestuelt og eitt oralt-auditivt. I tillegg til modalitetsskilnadane har også språka ulike grammatiske normer og reglar. Døve bimodalt tospråklege barn må lære eit språk med annleis grammatikk – og med dette kjem eit særskilt sett utfordringar. Elevtekstar reknast for å vere utstillingsvindauge for kva språkkompetanse elevar har. Denne oppgåva nyttar ein kvalitativ studie av utvalde grammatikkmønster i fire elevtekstar for å forklare elevane sin skriftspråklege kompetanse. Analysen indikerer at døve bimodalt tospråklege barn har andre grammatiske avvik i skriftspråket enn høyrande barn. Dei fleste avvika er relaterte til ordklassane substantiv, verb og preposisjonar. Eg forsøker å forklare desse avvika med eit perspektiv på grammatikken i norsk teiknspråk, og argumenterer for at elevane skriv norsk skriftspråk med kryssaktivering av norsk teiknspråk. Eg vonar at denne oppgåva kan vere eit bidrag til korleis vi betre kan tilpasse norskundervisninga for teiknspråkselevar
Beskrivelse
Master i grunnskolelærerutdanningen 5. - 10. trinn, norsk. Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen