Show simple item record

dc.contributor.authorGlomset, Emma Cecilie
dc.date.accessioned2024-07-03T09:21:34Z
dc.date.available2024-07-03T09:21:34Z
dc.date.issued2024
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3137657
dc.descriptionMaster i grunnskolelærerutdanningen 5. - 10. trinn, norsk. Høgskulen på Vestlandet, campus Bergenen_US
dc.description.abstractNorsk teiknspråk står svakt som opplæringsspråk, og det er kritisk mangel på forskingsbasert kunnskap om tospråkleg opplæring som vil gje døve barn tilgang til norsk teiknspråk og norsk. Døve med teiknspråk som førstespråk må lære seg eit skriftspråk basert på ein modalitet dei ikkje sansar: lydar. Denne oppgåva vil ta føre seg korleis døve bimodalt tospråklege barn skriv norsk skriftspråk ved å sjå på utvalde grammatikkmønster i fire elevtekstar. Vidare vil oppgåva ta føre seg kva didaktiske implikasjonar desse språklege mønstera har. Norsk teiknspråk og norsk er to ulike språk basert på ulike modalitetar, eitt visuelt-gestuelt og eitt oralt-auditivt. I tillegg til modalitetsskilnadane har også språka ulike grammatiske normer og reglar. Døve bimodalt tospråklege barn må lære eit språk med annleis grammatikk – og med dette kjem eit særskilt sett utfordringar. Elevtekstar reknast for å vere utstillingsvindauge for kva språkkompetanse elevar har. Denne oppgåva nyttar ein kvalitativ studie av utvalde grammatikkmønster i fire elevtekstar for å forklare elevane sin skriftspråklege kompetanse. Analysen indikerer at døve bimodalt tospråklege barn har andre grammatiske avvik i skriftspråket enn høyrande barn. Dei fleste avvika er relaterte til ordklassane substantiv, verb og preposisjonar. Eg forsøker å forklare desse avvika med eit perspektiv på grammatikken i norsk teiknspråk, og argumenterer for at elevane skriv norsk skriftspråk med kryssaktivering av norsk teiknspråk. Eg vonar at denne oppgåva kan vere eit bidrag til korleis vi betre kan tilpasse norskundervisninga for teiknspråkselevaren_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectgrunnskolelærerutdanningen_US
dc.subjectnorskfageten_US
dc.subjectdøveen_US
dc.subjecttegnspråkeleveren_US
dc.titleDøve bimodalt tospråklege elevar og norsk morfologi: Ein kvalitativ studie av utvalde grammatikkmønster i fire elevtekstaren_US
dc.title.alternativeDeaf bimodal bilingual students and Norwegian morphology: A qualitative study of chosen patterns of grammar in four student textsen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMGUNO550en_US


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Except where otherwise noted, this item's license is described as Navngivelse 4.0 Internasjonal