Utvikling av bestemtheit når norsk er andrespråk: Ein longitudinell studie av bestemtheitsmarkering hos elevar på mellomtrinnet i tidleg innlæring av norsk som andrespråk
Abstract
Denne studien tek utgangspunkt i elevtekstar skrive av mellomtrinnselevar med norsk som andrespråk. Studien er korpusdreven, og elevtekstane er henta frå korpuset knytt til prosjektet God nok i norsk? (2012). Føremålet med studien er å studere endring i markering av språktrekket bestemtheit over dei tre første åra av norskinnlæringa til eit utval på fem elevar. Med utgangspunkt i elevane si utvikling, drøftar studien markeringar innanfor tre fasar for bestemtheit i tidleg innlærarnorsk. Tilnærminga tek ikkje sikte på å generalisere statistiske resultat. Ei meir kvalitativ skildring av individuell utvikling er vektlagt. For å bekrefte eller avkrefte resultatet av denne studien vil ein kvantitativ studie vere hensiktsmessig, og forslag til vidare forsking blir derfor presentert avslutningsvis. Overordna finn ein at utviklinga til elevane beveger seg over tre fasar. Desse fasane er utforma med utgangspunkt i tre hovudtrekk eg ser ved bestemtheitsmarkeringa til elevane, som dominerer i følgande rekkefølge: 1) Dominans av nakne substantiv 2) Utprøvande bestemtheitsmarkering med stor grad av variasjon 3) I stor grad systematisk bestemtheitsmarkering i samsvar med norsk morfologi Studien legg fram ei meir detaljert skildring av typiske markeringar og substantivfrasetypar ein ser i dei tre fasane. Inndelinga er overordna, og inkonsekvens og avvik førekjem i meir eller mindre grad på alle tre utviklingssteg. I tillegg finn ein at innlærarspråka viser teikn til systematikk når det gjeld kva slags referansetype som i større grad medfører markering av bestemt form i andre fase. Denne systematikken er individuell. Nokre elevar markerer i større grad bestemt form ved substantivfrasar der referenten er anaforisk definitt, medan andre elevar i større grad markerer bestemt form der referenten er situasjonsbetinga definitt
Description
Master i grunnskolelærerutdanningen 5. - 10. trinn, norsk. Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen