Show simple item record

dc.contributor.authorOpsvik, Oda Laurentse
dc.date.accessioned2024-07-03T07:19:30Z
dc.date.available2024-07-03T07:19:30Z
dc.date.issued2024
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3137587
dc.descriptionMaster i grunnskolelærerutdanningen 5. - 10. trinn, norsk. Høgskulen på Vestlandet, campus Bergenen_US
dc.description.abstractDenne studien tek utgangspunkt i elevtekstar skrive av mellomtrinnselevar med norsk som andrespråk. Studien er korpusdreven, og elevtekstane er henta frå korpuset knytt til prosjektet God nok i norsk? (2012). Føremålet med studien er å studere endring i markering av språktrekket bestemtheit over dei tre første åra av norskinnlæringa til eit utval på fem elevar. Med utgangspunkt i elevane si utvikling, drøftar studien markeringar innanfor tre fasar for bestemtheit i tidleg innlærarnorsk. Tilnærminga tek ikkje sikte på å generalisere statistiske resultat. Ei meir kvalitativ skildring av individuell utvikling er vektlagt. For å bekrefte eller avkrefte resultatet av denne studien vil ein kvantitativ studie vere hensiktsmessig, og forslag til vidare forsking blir derfor presentert avslutningsvis. Overordna finn ein at utviklinga til elevane beveger seg over tre fasar. Desse fasane er utforma med utgangspunkt i tre hovudtrekk eg ser ved bestemtheitsmarkeringa til elevane, som dominerer i følgande rekkefølge: 1) Dominans av nakne substantiv 2) Utprøvande bestemtheitsmarkering med stor grad av variasjon 3) I stor grad systematisk bestemtheitsmarkering i samsvar med norsk morfologi Studien legg fram ei meir detaljert skildring av typiske markeringar og substantivfrasetypar ein ser i dei tre fasane. Inndelinga er overordna, og inkonsekvens og avvik førekjem i meir eller mindre grad på alle tre utviklingssteg. I tillegg finn ein at innlærarspråka viser teikn til systematikk når det gjeld kva slags referansetype som i større grad medfører markering av bestemt form i andre fase. Denne systematikken er individuell. Nokre elevar markerer i større grad bestemt form ved substantivfrasar der referenten er anaforisk definitt, medan andre elevar i større grad markerer bestemt form der referenten er situasjonsbetinga definitten_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectgrunnskolelærerutdanningen_US
dc.subjectnorsken_US
dc.titleUtvikling av bestemtheit når norsk er andrespråk: Ein longitudinell studie av bestemtheitsmarkering hos elevar på mellomtrinnet i tidleg innlæring av norsk som andrespråken_US
dc.title.alternativeDevelopment of definiteness in Norwegian as a second language: A longitudinal study of definiteness marking in students’ early acquisition of Norwegian as a second languageen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMGUN550en_US


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Except where otherwise noted, this item's license is described as Navngivelse 4.0 Internasjonal