Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorStenseth, Marte Lægreid
dc.date.accessioned2023-11-01T13:48:14Z
dc.date.available2023-11-01T13:48:14Z
dc.date.issued2023
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3100017
dc.descriptionMaster i grunnskolelærerutdanning 1. - 7. trinn, spesialpedagogikk. Høgskulen på Vestlandet, campus Bergenen_US
dc.description.abstractHøgsensitive barn er som alle andre barn, men dei er meir påverkelege av omgjevnadane rundt seg. Høgsensitivitet handlar om at ein er meir sensitiv for sanseinntrykk og stimuli, og bearbeida inntrykka djupare enn andre (Moberg, 2013, s. 15). Dette er ein del av personlegdommen, og heile 15–20 prosent av alle barn og vaksne har dette personlegdomstrekket (Aron, 2014, s. 25). Starten av masteroppgava blir innleia med ei personleg forteljing om meg sjølv som skulejente. Motivasjonen og inspirasjonen for a skrive om høgsensitive barn er på bakgrunn av oppveksten og barndommen min, samt erfaringar fra arbeidslivet med korleis elevar og barn oppfører seg og reagerer forskjellig i ulike situasjonar. Formålet og hensikta med masteroppgava er å få meir kunnskap om høgsensitive barn sjølv, samt bidra til større medvit og kunnskap for foreldre og fagfolk. Spesielt med tanke på utfordringar barna opplev gjennom oppveksten, samt tilretteleggingar som er naturleg. Difor valte eg problemstillinga: Korleis blir utfordringar for høgsensitive barn konstruert i eit utval faglitteraturbøker, og kva tiltak/ løysningar foreslår forfattarane? For å svare på problemstillinga har eg også laga nokre delproblemstillingar: Kva er formålet med bøkene? Korleis konstruerer forfattarane modellesaren? Bakgrunnen til val av problemstillingane er for a studere korleis forfattarane konstruerer retoriske situasjonar for å påverke lesaren til å aktivt handle når det gjeld tilrettelegging for høgsensitive barn. Eg vil også undersøke og forstå bodskapen til bøkene. Men samtidig lese kritisk på delar av bøkene, spesielt med tanke på korleis modellesaren blir konstruert og kva krav den still til lesaren. Problemstillingane skal eg svare på ved hjelp av ein innhaldsanalyse, som er ein kvalitativ forskingsmetode. Eg skal analysere tre faglitteraturbøkene: Særlig sensitive barn, Sensitive barn og Sensitive barn i pedagogisk arbeid. Eg har undersøkt formålet til bøkene, sett kritisk på modellesaren, drøfta retoriske situasjonar, og til slutt sett på kva tiltak og tilretteleggingar dei konstruerer som løysning på utfordringane. Funna visar at høgsensitive barn er meir utsett for større sårbarheit, samt overstimulering på grunnlag av personlegdomstrekket. Dei blir også i større grad enn andre påverka av eit positivt eller negativt oppvekstmiljø. Utfordringane blir framheva i bøkene ved ein konstruksjon av konsekvensrekkjer. I konsekvensrekkjene blir det konstruert fleire alvorlege konsekvensar høgsensitive kan oppleve, dersom dei kjem utfor utfordringane som er skriven om i dei retoriske situasjonane. Konklusjonen er at det er viktig med kunnskap for da er det lettare å unngå, samt forebygge utfordringane. Viktige tilpassingar for høgsensitive barn er respekt, gruppesamtalar, relasjonsbygging, redusering av stress og overstimulering, samt oppretthalde faste og gode rutinar som gjev barna eit trygt oppvekstmiljøen_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectgrunnskolelærerutdanningen_US
dc.subjectspesialpedagogikken_US
dc.subjecthøysensitiven_US
dc.titleHøgsensitive barn: Ein kvalitativ innhaldsanalyse av faglitteratur om utfordringar og tilrettelegging for desse barnaen_US
dc.title.alternativeHighly Sensitive Children: A qualitative content analysis of nonfiction on challenges and facilitation for these childrenen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMGBSP550en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal