Høgsensitive barn: Ein kvalitativ innhaldsanalyse av faglitteratur om utfordringar og tilrettelegging for desse barna
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3100017Utgivelsesdato
2023Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Høgsensitive barn er som alle andre barn, men dei er meir påverkelege av omgjevnadane rundt seg. Høgsensitivitet handlar om at ein er meir sensitiv for sanseinntrykk og stimuli, og bearbeida inntrykka djupare enn andre (Moberg, 2013, s. 15). Dette er ein del av personlegdommen, og heile 15–20 prosent av alle barn og vaksne har dette personlegdomstrekket (Aron, 2014, s. 25). Starten av masteroppgava blir innleia med ei personleg forteljing om meg sjølv som
skulejente. Motivasjonen og inspirasjonen for a skrive om høgsensitive barn er på bakgrunn av oppveksten og barndommen min, samt erfaringar fra arbeidslivet med korleis elevar og barn oppfører seg og reagerer forskjellig i ulike situasjonar.
Formålet og hensikta med masteroppgava er å få meir kunnskap om høgsensitive barn sjølv, samt bidra til større medvit og kunnskap for foreldre og fagfolk. Spesielt med tanke på utfordringar barna opplev gjennom oppveksten, samt tilretteleggingar som er naturleg. Difor valte eg problemstillinga: Korleis blir utfordringar for høgsensitive barn konstruert i eit utval faglitteraturbøker, og kva tiltak/ løysningar foreslår forfattarane? For å svare på problemstillinga har eg også laga nokre delproblemstillingar: Kva er formålet med bøkene? Korleis konstruerer forfattarane modellesaren? Bakgrunnen til val av problemstillingane er for a studere korleis forfattarane konstruerer retoriske situasjonar for å påverke lesaren til å aktivt handle når det gjeld tilrettelegging for høgsensitive barn. Eg vil også undersøke og forstå bodskapen til bøkene. Men samtidig lese kritisk på delar av bøkene, spesielt med tanke på korleis modellesaren blir konstruert og kva krav den still til lesaren. Problemstillingane skal eg svare på ved hjelp av ein innhaldsanalyse, som er ein kvalitativ forskingsmetode. Eg skal analysere tre faglitteraturbøkene: Særlig sensitive barn, Sensitive barn og Sensitive barn i pedagogisk arbeid. Eg har undersøkt formålet til bøkene, sett kritisk på modellesaren, drøfta retoriske situasjonar, og til slutt sett på kva tiltak og tilretteleggingar dei konstruerer som løysning på utfordringane. Funna visar at høgsensitive barn er meir utsett for større sårbarheit, samt overstimulering på grunnlag av personlegdomstrekket. Dei blir også i større grad enn andre påverka av eit positivt eller negativt oppvekstmiljø. Utfordringane blir framheva i bøkene ved ein konstruksjon av konsekvensrekkjer. I konsekvensrekkjene blir det konstruert fleire alvorlege konsekvensar høgsensitive kan oppleve, dersom dei kjem utfor utfordringane som er skriven om i dei retoriske situasjonane. Konklusjonen er at det er viktig med kunnskap for da er det lettare å unngå, samt forebygge utfordringane. Viktige tilpassingar for høgsensitive barn er respekt, gruppesamtalar, relasjonsbygging, redusering av stress og overstimulering, samt oppretthalde faste og gode rutinar som gjev barna eit trygt oppvekstmiljø
Beskrivelse
Master i grunnskolelærerutdanning 1. - 7. trinn, spesialpedagogikk. Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen