Norske barnetragediar: Ein studie av norsk barneteater si skildring av tabubelagd tematikk
Master thesis

Åpne
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3098457Utgivelsesdato
2023Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Institutt for kunstfag [312]
Sammendrag
Denne masteroppgåva har vore eit bidrag til å undersøke korleis norsk barneteater skildrar tabubelagd tematikk, og har trekt fram faktorar som påverkar korleis tabubelagd tematikk vert skildra av norsk barneteater. Ved hjelp av teori, innsamla data og drøfting, fann eg svar på følgande problemstilling: Korleis skildrar norsk barneteater tabubelagd tematikk? For å sjå næmare på problemstillinga utforma eg også eit forskingsspørsmål: Kva påverkar korleis norsk barneteater skildrar tabubelagd tematikk?
Denne studien er ein hermeneutisk-fenomenologisk studie, med eit kvalitativ-deduktivt forskingsdesign. Ved hjelp av ein analysemodell, basert på dramafagleg teori og teatersemiotikk, nytta eg framsyningsanalyse som forskingsmetode, og utførte framsyningsanalysar av tre barneteaterframsyningar i Bergen, i 2022 og 2023. Resultatet studien fann, var at ein mangel på kunnskap om barnepublikummet, og eit maktperspektiv påverkar korleis tabubelagd tematikk vert skildra i norsk barneteater.
Maktperspektivet i norsk barneteater, kan ein sjå ved at både barnesyn, økonomi, og frykt hjå vaksne påverkar deira skildring av tabubelagd tematikk. Nokre framsyningar nyttar seg av humor som eit vernande lag, medan andre, skildrar tabubelagd tematikk på ein meir ufiltrert og verkelegheitsnær måte. Dei to ulike tilnærmingane til tabubelagd tematikk viser i kor ulik grad den tabubelagde tematikken vert teken på alvor. Mitt svar på problemstillinga, var difor at norsk barneteater skildrar tabubelagd tematikk, basert på eit maktperspektiv
Beskrivelse
Master i dramapedagogikk og anvendt teater. Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen