Elevar og føresette sine opplevingar av lekser
Abstract
Denne masterstudien har sett på elevar på ungdomstrinn og føresette til elevar på ungdomstrinn sine opplevingar av lekser. Studiet forsøker å svare på og drøfte rundt følgjande problemstilling:
Kva for opplevingar har elevar og føresette av lekser?
Denne masteroppgåva har ikkje som føremål å finne svaret på om lekser er bra eller ikkje, men har retta fokus på heimen og dynamikken mellom føresette og elevar. I denne studien rettar ein blikket mot haldningar til lekser, motivasjon og viktigheit av lekser. Studien har forsøkt å sjå på dei ulike ledda av spørjeskjema i lys av ulik teoretisk grunnlag.
Teori og forsking er tvitydig om lekser forbetrar læring eller ikkje, og meiningar blant elevar, føresette og lærar verkar å aldri samstemme, noko som også kjem fram av denne studien. Av opplæringslova og læreplanverket er ikkje lekser lovpålagt. Masterstudien har funne at elevar er negative til lekser, ønskjer mindre lekser, og er ikkje motiverte for å gjere dei. Elevane rapporterer heller ikkje at lekser som hensiktsmessig i fleire fag. Derimot er elevar og føresette einig om at matematikk er det viktigaste faget å arbeide med lekser i.
Description
MGUSP550 Masteroppgave i spesialpedagogikk
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett
Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag
2023