Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorFagerheim, Caroline
dc.date.accessioned2023-09-05T12:00:25Z
dc.date.available2023-09-05T12:00:25Z
dc.date.issued2023
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3087498
dc.descriptionMaster i didaktiske praksisar, Høgskulen på Vestlandeten_US
dc.description.abstractDenne masteroppgåva har som føremål å gi ei større oversikt over kva normavvik ein finn i nynorske elevtekstar og få eit svar på kor stor del av desse som er samanfallande med bokmålsnorma. Dette for å tydeleggjere kva særlege utfordringar nynorskeleven har. Fleire studiar har granska normavvik i tekstar skrivne av elevar med nynorsk som hovudmål, og det er mellom anna avdekt at fleire avvik kan sjåast i samanheng med bokmålssamanfall. Studien min er ein komparativ litteraturstudie, og den komparative analysen min presenterer, samanliknar og diskuterer funna i seks studiar; Bjørhusdal & Juuhl (2017), Støfring (2019), Eiksund (2020), Hellevang (2020), Røhme (2020) og Hånes (2021). Desse studiane er uavhengige granskingar av normavvik i tekstar skrivne av elevar med nynorsk som hovudmål. Ein vesentleg del av avvika i elevtekstane er bokmålssamanfall. Desse avvika utgjer mellom 33 - 47 % av alle normavvika i alle studiane, om ein berre ser på «reine» bokmålssamanfallande avvik. Nynorskelevane gjer, som bokmålselevane, mykje feil med dobbelkonsonant og med og/å. Spesifikt i nynorsktekstane er bruk av leksem som ikkje samsvarar med nynorsknorma, det å byte ut ein konsonant eller vokal i leksemet slik at ordet heller samsvarar med bokmålsnorma, monoftong i staden for diftong og sterke verb som blir bøygde svakt. Vidare følgjer fleire avvik knytte til verb- og substantivbøyinga, ein avvikstype som er lite frekvent hos bokmålselevane. Funna i undersøkinga syner fleire samanfallande tendensar sjølv om elevtekstane i dei ulike studiane er henta frå ulike årstrinn og ulike deler av landet. Eit av primærfunna i denne oppgåva er at til tross for skilnadar i alder og geografi, er omfanget av bokmålssamanfallande avvik påfallande likt i dei nynorske elevtekstane. Alle studiane i empirien peikar på at det er behov for ein eigen språkdidaktkk for nynorskeleven. Dette er noko funna mine òg støttar opp omen_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectdidaktikken_US
dc.subjectbokmålssamanfallen_US
dc.subjectelevtekstaren_US
dc.titleBokmålssamanfall i nynorske elevtekstar: ein komparativ studieen_US
dc.title.alternativeBokmål-interferens in Nynorsk pupils texts: a comparative studyen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMDIP550en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal