Bokmålssamanfall i nynorske elevtekstar: ein komparativ studie
Abstract
Denne masteroppgåva har som føremål å gi ei større oversikt over kva normavvik ein finn i nynorske elevtekstar og få eit svar på kor stor del av desse som er samanfallande med bokmålsnorma. Dette for å tydeleggjere kva særlege utfordringar nynorskeleven har. Fleire studiar har granska normavvik i tekstar skrivne av elevar med nynorsk som hovudmål, og det er mellom anna avdekt at fleire avvik kan sjåast i samanheng med bokmålssamanfall. Studien min er ein komparativ litteraturstudie, og den komparative analysen min presenterer, samanliknar og diskuterer funna i seks studiar; Bjørhusdal & Juuhl (2017), Støfring (2019), Eiksund (2020), Hellevang (2020), Røhme (2020) og Hånes (2021). Desse studiane er uavhengige granskingar av normavvik i tekstar skrivne av elevar med nynorsk som hovudmål.
Ein vesentleg del av avvika i elevtekstane er bokmålssamanfall. Desse avvika utgjer mellom 33 - 47 % av alle normavvika i alle studiane, om ein berre ser på «reine» bokmålssamanfallande avvik. Nynorskelevane gjer, som bokmålselevane, mykje feil med dobbelkonsonant og med og/å. Spesifikt i nynorsktekstane er bruk av leksem som ikkje samsvarar med nynorsknorma, det å byte ut ein konsonant eller vokal i leksemet slik at ordet heller samsvarar med bokmålsnorma, monoftong i staden for diftong og sterke verb som blir bøygde svakt. Vidare følgjer fleire avvik knytte til verb- og substantivbøyinga, ein avvikstype som er lite frekvent hos bokmålselevane. Funna i undersøkinga syner fleire samanfallande tendensar sjølv om elevtekstane i dei ulike studiane er henta frå ulike årstrinn og ulike deler av landet. Eit av primærfunna i denne oppgåva er at til tross for skilnadar i alder og geografi, er omfanget av bokmålssamanfallande avvik påfallande likt i dei nynorske elevtekstane. Alle studiane i empirien peikar på at det er behov for ein eigen språkdidaktkk for nynorskeleven. Dette er noko funna mine òg støttar opp om
Description
Master i didaktiske praksisar, Høgskulen på Vestlandet