Show simple item record

dc.contributor.authorHaugland, Anita
dc.date.accessioned2023-08-25T07:49:09Z
dc.date.available2023-08-25T07:49:09Z
dc.date.issued2023
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3085730
dc.descriptionMaster i grunnskolelærerutdanningen 1. -7. trinn. Høgskulen på Vestlandet, campus Bergenen_US
dc.description.abstractBerekraftig utvikling er eit omgrep som dukkar opp i ulike samanhengar i dagleglivet. I denne masteroppgåva er berekraftig utvikling kopla opp mot ei tradisjonell saumoppgåve i skulen. I dagens læreplanen for kunst og handverk er det eit mål at elevane lærer seg handverksferdigheiter. Dei skal også undersøke korleis dei kan leve meir berekraftig i framtida. I og med at klesproduksjon er ein svært forureinande industri (Glitsch, 2020), er forbruket av tekstilar eit relevant tema å diskutere opp mot klimautfordringar og berekraftig utvikling. Det finst ein del forsking som seier noko om korleis ein kan integrere berekraftig utvikling i undervisninga. Forsking viser også at lærarar i kunst og handverk meiner elevar er for unge til å forstå teori om berekraftig utvikling. Denne studien viser at det å jobbe med ei praktisk oppgåve som å sy eit forkle, kan fungere som «ei bru» som gjer at elevar forstår komplekse problemstillingar om dette temaet. Følgjande problemstilling har lege til grunn for studien: Kva erfaringar får elevane med grunnleggjande saumopplæring ved å sy eit forkle, og kva refleksjonar gjer elevane seg om berekraftig utvikling? For å finne svar på problemstillinga er det gjennomført 3 aksjonar. I aksjon 1 testa eg sjølv ut det praktisk arbeidet. I aksjon 2 blei det utarbeidd eit undervisningsopplegg som elevar testa ut. Aksjon 1 og 2 la grunnlag for aksjon 3, og datamaterialet som blei samla inn i aksjon 3, har gjeve utgangspunkt for funna som er drøfta opp mot problemstillinga.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectkunstfagen_US
dc.subjecthåndverken_US
dc.subjectsømen_US
dc.subjectbærekraften_US
dc.titleSaum og berekraftig utviklingen_US
dc.title.alternativeSewing and sustainable developmenten_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMGBKH550en_US


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Except where otherwise noted, this item's license is described as Navngivelse 4.0 Internasjonal