Saum og berekraftig utvikling
Master thesis
View/ Open
Date
2023Metadata
Show full item recordCollections
- Institutt for kunstfag [299]
Abstract
Berekraftig utvikling er eit omgrep som dukkar opp i ulike samanhengar i dagleglivet. I denne masteroppgåva er berekraftig utvikling kopla opp mot ei tradisjonell saumoppgåve i skulen. I dagens læreplanen for kunst og handverk er det eit mål at elevane lærer seg handverksferdigheiter. Dei skal også undersøke korleis dei kan leve meir berekraftig i framtida. I og med at klesproduksjon er ein svært forureinande industri (Glitsch, 2020), er forbruket av tekstilar eit relevant tema å diskutere opp mot klimautfordringar og berekraftig utvikling. Det finst ein del forsking som seier noko om korleis ein kan integrere berekraftig utvikling i undervisninga. Forsking viser også at lærarar i kunst og handverk meiner elevar er for unge til å forstå teori om berekraftig utvikling. Denne studien viser at det å jobbe med ei praktisk oppgåve som å sy eit forkle, kan fungere som «ei bru» som gjer at elevar forstår komplekse problemstillingar om dette temaet. Følgjande problemstilling har lege til grunn for studien: Kva erfaringar får elevane med grunnleggjande saumopplæring ved å sy eit forkle, og kva refleksjonar gjer elevane seg om berekraftig utvikling? For å finne svar på problemstillinga er det gjennomført 3 aksjonar. I aksjon 1 testa eg sjølv ut det praktisk arbeidet. I aksjon 2 blei det utarbeidd eit undervisningsopplegg som elevar testa ut. Aksjon 1 og 2 la grunnlag for aksjon 3, og datamaterialet som blei samla inn i aksjon 3, har gjeve utgangspunkt for funna som er drøfta opp mot problemstillinga.
Description
Master i grunnskolelærerutdanningen 1. -7. trinn. Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen