Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorLindstad, Siri Rogne
dc.date.accessioned2023-02-17T14:09:43Z
dc.date.available2023-02-17T14:09:43Z
dc.date.issued2022
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3052027
dc.descriptionIKT i læring - Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI)en_US
dc.description.abstractDette masterprosjektet undersøkjer korleis lærarar opplev- og nyttar OneNote som medierande artefakt i vurdering for læring, og korleis prinsipp for VFL kjem til syne i lærarens vurderingspraksis i OneNote. Forskingsprosjektet er ei kvalitativstudie med hermeneutisk og fenomenologisk tilnærming. Det vart gjennomført fire individuelle semistrukturerte forskingsintervju med respondentar spreidd geografisk i Noreg. Tre respondentar frå vidaregåandeskule og ein respondent frå ungdomsskule. Det teoretiske grunnlaget for masterprosjektet er relatert til sosiokulturelt syn på læring. TPACK-modellen og rammeverket for PfDK har vore verktøy i analyse og drøfting. Prinsipp for VFL har vore grunnlag for studia og har vore med å strukturere både forskingsprosess og den tekstuelleframstillinga. Studia syner at lærarane opplev OneNote som godt verktøy i VFL. Det vert trekt fram at OneNote rettar seg mot undervegsvurdering og legg til rette for undervisningsformer og vurderingsmetodar som er i tråd med VFL. Læreprosessar vert tydlegare gjennom OneNote, noko som fører til oversiktleg vurderingsgrunnlag. I tillegg viser forskingsprosjektet at OneNote er eit godt verktøy for eigenvurdering, som trenar elevens sjølvreguleringsevne og metakognitive kompetansar. Det vert også peika på at OneNote legg til rette for tilpassa opplæring. Eit oppsiktsvekkande funn var ein lærarar som opplevde at med bruk av OneNote har ho ikkje lengre sendt ut varsel til elevar som står i fare for å ikkje få karakter i faget. Studia avdekkjer eit syn på VFL knytt til karakterdemping og fokus på undervegsvurdering som byggjer på elevens kunnskap og føresetnader, der OneNote er eit strukturerande og kommunikativt verktøy.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleUndervegsvurdering i ei digital kladdebok: Ei studie av lærarars oppleving av VFL mediert av OneNoteen_US
dc.title.alternativeFormative assessment in a digital notebook – A study of teachers experiences with VFL mediated by OneNoteen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMASIKT-OPGen_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal