Undervegsvurdering i ei digital kladdebok: Ei studie av lærarars oppleving av VFL mediert av OneNote
Abstract
Dette masterprosjektet undersøkjer korleis lærarar opplev- og nyttar OneNote som medierande artefakt i vurdering for læring, og korleis prinsipp for VFL kjem til syne i lærarens vurderingspraksis i OneNote. Forskingsprosjektet er ei kvalitativstudie med hermeneutisk og fenomenologisk tilnærming. Det vart gjennomført fire individuelle semistrukturerte forskingsintervju med respondentar spreidd geografisk i Noreg. Tre respondentar frå vidaregåandeskule og ein respondent frå ungdomsskule.
Det teoretiske grunnlaget for masterprosjektet er relatert til sosiokulturelt syn på læring. TPACK-modellen og rammeverket for PfDK har vore verktøy i analyse og drøfting. Prinsipp for VFL har vore grunnlag for studia og har vore med å strukturere både forskingsprosess og den tekstuelleframstillinga.
Studia syner at lærarane opplev OneNote som godt verktøy i VFL. Det vert trekt fram at OneNote rettar seg mot undervegsvurdering og legg til rette for undervisningsformer og vurderingsmetodar som er i tråd med VFL. Læreprosessar vert tydlegare gjennom OneNote, noko som fører til oversiktleg vurderingsgrunnlag. I tillegg viser forskingsprosjektet at OneNote er eit godt verktøy for eigenvurdering, som trenar elevens sjølvreguleringsevne og metakognitive kompetansar. Det vert også peika på at OneNote legg til rette for tilpassa opplæring. Eit oppsiktsvekkande funn var ein lærarar som opplevde at med bruk av OneNote har ho ikkje lengre sendt ut varsel til elevar som står i fare for å ikkje få karakter i faget. Studia avdekkjer eit syn på VFL knytt til karakterdemping og fokus på undervegsvurdering som byggjer på elevens kunnskap og føresetnader, der OneNote er eit strukturerande og kommunikativt verktøy.
Description
IKT i læring -
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI)