dc.contributor.author | Larsen, Gunn Marie | |
dc.date.accessioned | 2022-10-03T06:48:29Z | |
dc.date.available | 2022-10-03T06:48:29Z | |
dc.date.issued | 2022 | |
dc.identifier.uri | https://hdl.handle.net/11250/3023155 | |
dc.description | Master i læring og undervisning,
Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking
Studiestad: Sogndal | en_US |
dc.description.abstract | Med utgangspunkt i Norman Fairclough sin nye modell for kritisk diskursanalyse, undersøker denne masteroppgåva korleis den formelle og reelle jamstillinga mellom dei to norske skriftspråka er framstilt i LK20 - læreplan i norsk, og korleis læreplanen reflekterer språkpolitiske diskursar. Bakgrunnen for studien er at det har vore signalisert ei språkpolitisk kursendring der positiv særbehandling, styrking og fremjing av nynorsk blir løfta fram som naudsynt.
Studien svarer på tre forskingsspørsmål:
1. Korleis er den reelle og den formelle jamstillinga mellom nynorsk og bokmål reflektert i læreplan i norsk (NOR0106)?
2. Korleis framstiller læreplan i norsk (NOR0106) nynorsk sitt behov for vern?
3. Korleis framstiller læreplan i norsk (NOR0106) elevar sin tilgang til skriftspråket nynorsk?
Språkpolitikken har over mange år handla om å styrke den reelle likestillinga mellom nynorsk og bokmål. Læreplan i norsk reflekterer i all hovudsak at dei to norske skriftspråka er jamstilte, men syner ikkje den reelle og asymmetriske språkstoda mellom dei. Det kjem heller ikkje fram at nynorsk har behov for vern, eller at både nynorskelevar og bokmålselevar har lite tilgang til skriftspråket nynorsk.
Funn frå diskursanalysen syner at nynorskelevar sine språkrettar blir brotne av aktørar som er omfatta av læreplanen. Årsaka til dette er mellom anna økonomiske kostnadar og at ein ikkje har dei riktige verktøya som skal bidra til at språkrettane til nynorskelevane blir følgde opp. Det finst likevel positive tendensar. Framlegg til ny opplæringslov fremmer tiltak om at retten til språkdelte klassar også skal gjelde på ungdomstrinnet, slik han gjer på barnetrinnet. | en_US |
dc.language.iso | nno | en_US |
dc.publisher | Høgskulen på Vestlandet | en_US |
dc.rights | Navngivelse 4.0 Internasjonal | * |
dc.rights.uri | http://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no | * |
dc.title | Ein kritisk diskursanalyse av korleis jamstillinga mellom dei to norske skriftspråka er framstilt i LK20 - læreplan i norsk | en_US |
dc.title.alternative | A critical discourse analysis of how the equality between the two Norwegian written languages is presented in the national curriculum for the Norwegian subject | en_US |
dc.type | Master thesis | en_US |
dc.description.localcode | MAS3-307 | en_US |