Å førbygge mobbing i barnehagen : pedagogiske leiarar har eit viktig ansvar
Abstract
I denne bacheloroppgåva vil eg skrive om temaet mobbing i barnehagen, med hovudvekt på korleis pedagogiske leiarar kan førebygge mobbing i barnehagen. Eg har valt temaet fordi eg opplever at det i seinare tid har det vore eit auka fokus på mobbing i samfunnsdebatten, der politikarar, media og folk flest har engasjert seg. Vi har fått høyre gripande historier frå menneske som har blitt mobba og om dei som har mobba. Eg tenkjer at vi vaksne må ta ansvar, tore å stoppe uønskt åtferd. Vi må hjelpe dei som vert mobba, og dei som mobbar. Nyare forsking viser at mobbing kan starte allereie i barnehagen. Difor meiner eg at pedagogisk leiar har eit særskilt ansvar, noko som og vert slått fast av Rammeplanen for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen (2011). «Barnehagen skal fremje positive handlingar som motverkar avvising, mobbing og vald» (Kunnskapsdepartementet, 2011, s. 23). Eg ynskjer å finne ut kva pedagogiske leiarar legg i omgrepet mobbing, om dei ser mobbing i barnehagen og kva dei gjer for å førebygge og stoppe mobbeåtferd, samt om det kan vere ein samanheng mellom oppdraging og mobbeåtferd. Eg ønskjer å finne ut kva vi kan gjere for å førebygge mobbing i barnehagen. På bakgrunn av dette har eg kome fram til problemstillinga:
Korleis kan pedagogiske leiarar arbeide for å førebygge mobbing i barnehagen?
Mobbing er eit stort tema og eg har difor teke nokre val og gjort nokre avgrensingar. Hovudfokuset vert korleis ein kan førebygge mobbing i barnehagen. Eg kjem ikkje til å skrive noko om kvifor barn mobbar, konsekvensar av mobbing, samt samarbeid med heimen. Avslutningsvis vil eg oppsummere og sjå om eg finn svar på problemstillinga mi.
Description
Førskulelærarutdanning
SF3-312
Mai og 2015