Tilpassa opplæring for elevar i matematikkvanskar
Abstract
Forskingsfeltet om matematikkvanskar er lite samanlikna med lese- og skrivevanskar. Likevel reknar ein at det er nesten like mange som slit med matematikk som med lesing. Føremålet med denne masteroppgåva er å undersøke kva erfaringar lærarar har om matematikkvanskar og korleis dei tilpassar si undervising for elevar i matematikkvanskar. Datagrunnlaget vart henta inn gjennom kvalitative semistrukturerte intervju. Informantane er sju personar som jobbar eller har fleire år med erfaring i yrket frå ulike skular. Gjennom studien vert informantane sine erfaringar og synspunkt drøfta opp i mot relevant forskingsteori om matematikkvanskar og tilpassa opplæring. Funna viser at informantane har eit erfaringsgrunnlag om elevar i matematikkvanskar som svarar godt til det tidlegare forsking seier. På eit generelt grunnlag snakkar ein om at ein elev er i matematikkvanskar når hen tydeleg presterer svakare enn det ein kan forvente på det aktuelle trinnet. Det er ofte heilt enkle og grunnleggjande matematiske prinsipp som kjem til syne i vanskane og som hindrar vidare læring. Aktiv bruk av konkretar og andre hjelpemiddel er gode tiltak for å hjelpe elevane mot læring. Samstundes er det fundamentalt viktig å byggje gode relasjonar og leggje til rette for motivasjon og meistring. Studien er avgrensa til sju lærarar frå femte til sjuande klassetrinn og er difor ikkje overførbart til å gjere seg gjeldande generelt i skulen. Studien kan likevel vere nyttig for lærarar som arbeider med elevar i matematikkvanskar til å skaffe seg innsikt i erfaringar og tiltak for å hjelpe desse.
Description
Grunnskulelærarutdanning 5-10
Fakultetet for lærarutdanning, kultur og idrett
Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag
Rettleiar: Jon Ingulf Medbø
11.05.2022