Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHaldorsen, Rolf Martin
dc.date.accessioned2022-08-02T10:27:21Z
dc.date.available2022-08-02T10:27:21Z
dc.date.issued2022
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3009757
dc.descriptionMaster i kreative fag og læreprosessar, SLKIen_US
dc.description.abstractEit praksisleia forskingsprosjekt er gjennomført, med basis i metodar som er brukt i komponering og produksjonspraksis til bluesrockbandet «Tubesnakes». Forfattaren av dette forskingsprosjektet er vokalist, gitarist og med-komponist i bandet. Undersøkinga legg særleg vekt på fenomenet referansar som bandmedlemmene nyttar når dei kommuniserer musikalske idear utan bruk av nokon form for noteark eller akkord-skjema. Datagrunnlag for undersøkinga er bandet sine tidlegare plateutgjevingar «Walking» og «Tarred and Feathered» og den enno ikkje utgjevne «Handful of Dust». I tillegg har ein gjennomført eit kvalitativt gruppeintervju og samtaleøkt der ein diskuterte bandet sin komponerings- og produksjonspraksis med utgangspunkt i demoar, preproduksjonar og øvingsopptak som låg til grunn for innspeling av «Tarred and Feathered». Funna i undersøkinga er mellom anna at eit forskingsfokus på komponerings- og produksjons-praksis har demokratisert komponerings- og produksjonspraksisen slik at alle banddeltakarar no føler dei er meir involvert enn før. Eit anna funn er at ein i stor grad tar i bruk kroppsspråk når orda ikkje strekk til under kommunisering av musikalske idear, og den musikalske kompetansen, uttrykt som ‘taus kunnskap’ er del av prosessen. Forskingsspørsmål for undersøkinga har vore: 1. Korleis formar bruken av musikalske referansar komposisjons- og produksjonspraksisen til bluesrockbandet «Tubesnakes» og korleis vert slike referansar kommunisert? 2. Kva overføringsverdi har innsikt i denne prosessen for andre som opererer i same felt? Med utgangspunkt i forskingsspørsmåla og funn har ein plassert «Tubesnakes» sin komponerings- og produksjonspraksis innanfor uformell læring, og argumentert for korleis «Tubesnakes» kan kategoriserast som eit praksisfellesskap. Undersøkinga kan vera interessant for andre grupper som operer innanfor ein uformell lærepraksis: band og samspelsgrupper i tillegg til musikklærarar i skule og kulturskule.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleEi praksisleia undersøking av bluesrockbandet «Tubesnakes» sin komponerings- og produksjonspraksisen_US
dc.title.alternativeA practice-led study of the composing and production practice of the blues/rock band “Tubesnakes”en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMACREL-OPGen_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal