Ei praksisleia undersøking av bluesrockbandet «Tubesnakes» sin komponerings- og produksjonspraksis
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3009757Utgivelsesdato
2022Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Institutt for kunstfag [262]
Sammendrag
Eit praksisleia forskingsprosjekt er gjennomført, med basis i metodar som er brukt i komponering og produksjonspraksis til bluesrockbandet «Tubesnakes». Forfattaren av dette forskingsprosjektet er vokalist, gitarist og med-komponist i bandet. Undersøkinga legg særleg vekt på fenomenet referansar som bandmedlemmene nyttar når dei kommuniserer musikalske idear utan bruk av nokon form for noteark eller akkord-skjema.
Datagrunnlag for undersøkinga er bandet sine tidlegare plateutgjevingar «Walking» og «Tarred and Feathered» og den enno ikkje utgjevne «Handful of Dust». I tillegg har ein gjennomført eit kvalitativt gruppeintervju og samtaleøkt der ein diskuterte bandet sin komponerings- og produksjonspraksis med utgangspunkt i demoar, preproduksjonar og øvingsopptak som låg til grunn for innspeling av «Tarred and Feathered». Funna i undersøkinga er mellom anna at eit forskingsfokus på komponerings- og produksjons-praksis har demokratisert komponerings- og produksjonspraksisen slik at alle banddeltakarar no føler dei er meir involvert enn før. Eit anna funn er at ein i stor grad tar i bruk kroppsspråk når orda ikkje strekk til under kommunisering av musikalske idear, og den musikalske kompetansen, uttrykt som ‘taus kunnskap’ er del av prosessen.
Forskingsspørsmål for undersøkinga har vore:
1. Korleis formar bruken av musikalske referansar komposisjons- og produksjonspraksisen til bluesrockbandet «Tubesnakes» og korleis vert slike referansar kommunisert?
2. Kva overføringsverdi har innsikt i denne prosessen for andre som opererer i same felt?
Med utgangspunkt i forskingsspørsmåla og funn har ein plassert «Tubesnakes» sin komponerings- og produksjonspraksis innanfor uformell læring, og argumentert for korleis «Tubesnakes» kan kategoriserast som eit praksisfellesskap. Undersøkinga kan vera interessant for andre grupper som operer innanfor ein uformell lærepraksis: band og samspelsgrupper i tillegg til musikklærarar i skule og kulturskule.
Beskrivelse
Master i kreative fag og læreprosessar, SLKI