På Øvingsrommet: Ein videopodkast om øving og motivasjon
Master thesis

View/ Open
Date
2022Metadata
Show full item recordCollections
- Institutt for kunstfag [313]
Abstract
I denne masteroppgåva har eg produsert eit podkast-design, og samtalar med fire
profesjonelle musikarar om øvingspraksis og korleis dei motiverer seg. Problemstillinga er:
«korleis kan eit multisensorisk intervju med fire profesjonelle musikarar skape kunnskap om
øving og motivasjon?». For å svare på korleis kunnskapen vert formidla i podkasten nyttar eg
Theo Van Leeuwen sine fire multimodale komponentar: rytme, komposisjon,
informasjonslink og dialog. Vidare føreslår eg ei bevisstgjering av multimodalitetars
funksjonelle spesialisering som eit metodisk verktøy for å effektivisere tematettleiken i
akademiske podkastar. Studien indikerer at uformelle strategiar for øving som til dømes
aktiv lytting, sosial læring saman med tradisjonell sosiokulturell lærings-, og motivasjonsteori
kan føre til høgare self-efficacy. Video-podkasten På Øvingsrommet er tilgjengeleg på
YouTube. Dei 12 episodane er mellom 15-35 minuttar lange, og under kvar episode ligg
lenker til oppsummeringsliste frå episodane. «Lærdommane» kan nyttast som tips til øving,
inspirasjon eller læringsressursar for musikkelevar i alderen 15-25.
Description
Master i Estetiske fag og Læreprosessar,
Høgskulen på Vestlandet, Campus Stord