Show simple item record

dc.contributor.authorMcrae, Cecilie Kartveit
dc.date.accessioned2022-06-27T10:05:15Z
dc.date.available2022-06-27T10:05:15Z
dc.date.issued2022
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3001048
dc.descriptionIKT i læring, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idretten_US
dc.description.abstractVideospel i undervisninga er på agendaen. Narrative videospel kan vere gode historieformidlarar og inviterer gameren med på ei interaktiv oppleving. Dei siste åra har det dukka opp fleire videospel i sjangeren world games: videospel som formidlar urfolkskultur til heile verda. Never Alone - Kisima Inŋitchuŋa vart i 2014 lansert som eit av dei første i denne sjangeren og gir eit autentisk og rikt innblikk i Iñupiaqfolket sin kultur, verdssyn og tradisjonar. Denne studien ønsker å undersøke kva potensiale videospel har for å fremje interkulturell kompetanse blant elevar på vidaregåande skule innanfor rammene for Engelsk fellesfag. Studien er ei aksjonsforskingsstudie basert på kvalitative metodar og med mål om å formidle opplevinga læraren og elevane har knytt til eit undervisningsopplegg med utgangspunkt i Never Alone. Engasjement, læringsutbytte og praktiske utfordringar knytt til planlegging av spelbasert undervisning står sentralt. Studien viser at videospel har stort potensiale knytt til å utvikle elevar sin interkulturelle kompetanse. Det å implementere videospel i undervisninga kan i seg sjølv danne utgangspunkt rundt interkulturell kompetanse og kommunikasjon i lys av den interkulturelle situasjonen alle undervisningstimar er grunna generasjonsskilnadar mellom lærar og elevar. Vidare legg videospel til rette for å utvikle og øve på ferdigheiter som samarbeid, kommunikasjon og problemløysing. Vidare så er videospel som Never Alone eller tilsvarande gode formidlarar av kultur, og vekkjer engasjement og interesse hos mange elevar. Samstundes er det krevjande å planleggje spelbasert læring. Læraren erfarer at det er tidkrevjande og vanskeleg å finne svar på utfordringar som oppstår undervegs. Det er behov for meir kompetanseutvikling innan spelbasert læring og meir tilgjengeleg utstyr og videospel på skular. Dersom potensialet i spelbasert læring knytt til interkulturell kompetanse skal kunne utnyttast, må det også tilgjengeleggjerast i større grad for lærarar. Funna i studien tyder også på at ein må tenkje nytt når ein skal vurdere elevane sine interkulturelle ferdigheiter.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.title«Never Alone» in the EFL Classroom: Exploring the potential of the video game «Never Alone - Kisima Inŋitchuŋa» in developing intercultural competence in the English as a Foreign Language (EFL) classroom.en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMASIKT-OPGen_US


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Except where otherwise noted, this item's license is described as Navngivelse 4.0 Internasjonal