Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorTopphol, Guro
dc.date.accessioned2022-04-20T07:05:30Z
dc.date.available2022-04-20T07:05:30Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2991430
dc.descriptionMaster i musikkpedagogikk M120MU513 Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett 2021en_US
dc.description.abstractMålet med denne studien har vore å undersøke implementeringa av dei nye læreplanane på musikklinja i norske vidaregåande skular som vart introdusert i august 2020, med fokus på fordjupingsinstrumentundervisninga. Dette vart gjort gjennom ein multiple casestudie av tre skular, eller musikklinjer, og ved å gjennomføre semistrukturerte intervju med avdelingsleiar eller fagleiar ved kvar musikklinje og ein eller to fordjupingsinstrumentlærarar frå kvar skule. Transkripsjonar vart analysert med ei hermeneutisk tilnærming, og ved hjelp av Braun og Clarke (2013) sine «seks steg til tematisk analyse». Som eit resultat vil dette prosjektet vere eit kvalitativt bidrag til musikkpedagogikkfeltet og læreplanimplementering. Grunna det faktum at læreplanen ikkje vart innført på Vg1 før i august i 2020, og at den ikkje vert innført i Vg2 og Vg3 før hausten 2021 og 2022, er teorikapittelet basert på forsking knytt til læreplanteori og implementering generelt. I tillegg inkluderer eg teoretiske perspektiv på kva musikkfaget er, og på meisterlære, som skil seg ut som viktige for forståelsen av musikklinja og fordjupingsinstrumentopplæringa. Resultata frå studien viser at den erfaringsbaserte kunnskapen som informantane sit inne med har fellestrekk med eksisterande forsking og teori om læreplanar og implementeringsprosessar. Samstundes kan ein argumentere for at læreplanteoriane til Goodlad og Van den Akker har enkelte manglar som syner ei mangelfull beskriving av kva som går føre seg mellom dei ulike stadia av ein læreplan. Resultatet syner også at enkelte av problematikkane som dukka opp etter evaluering av LK06 også dukkar opp no. Det å implementere ein ny læreplan er ei samansetting av komplekse prosessar påverka av personlege tolkingar, leiarskap, motivasjon til endring, med meir. Mangel på føringar frå skuleeigarar og skuleleiing fører til ulik praksis i planleggingsprosessane i dei ulike musikklinjene. Vidare finn ein fleire likskapar mellom tankane informantane har om LK20 og nylig forsking: Læreplanen er open og diffus, med mange komplekse omgrep, som fører til personlege tolkingar, som igjen fører til ulik utvikling av dei lokale planane. Tankane om korleis endringane vil påverke undervisninga i fordjupingsinstrumentet syner til ulik forståing av fordjupingsinstrumentet som fag, og ulike praksisar i feltet.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectReformen_US
dc.subjectlæreplanen_US
dc.subjectimplementeringen_US
dc.subjectlæreplanforståingen_US
dc.subjectfagfornyingen_US
dc.subjectKunnskapsløftet 2020en_US
dc.subjectLK20en_US
dc.subjectvidaregåandeen_US
dc.subjectmusikklinjeen_US
dc.subjectfordjupingsinstrumenten_US
dc.subjecthovudinstrumenten_US
dc.subjectkvalitativ metodeen_US
dc.titleFordjupingsinstrumentet i «LK20»: Ein multiple casestudie av tre musikklinjers implementering av læreplanen.en_US
dc.title.alternativeThe main instrument subject in the revised national curriculum “LK20”: A multiple case study of how three “musikklinjer” in the Norwegian upper secondary school implement the curriculum.en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeM120MU513en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal