Fordjupingsinstrumentet i «LK20»: Ein multiple casestudie av tre musikklinjers implementering av læreplanen.
Master thesis
View/ Open
Date
2021Metadata
Show full item recordCollections
- Institutt for kunstfag [301]
Abstract
Målet med denne studien har vore å undersøke implementeringa av dei nye læreplanane på musikklinja i norske vidaregåande skular som vart introdusert i august 2020, med fokus på fordjupingsinstrumentundervisninga. Dette vart gjort gjennom ein multiple casestudie av tre skular, eller musikklinjer, og ved å gjennomføre semistrukturerte intervju med avdelingsleiar eller fagleiar ved kvar musikklinje og ein eller to fordjupingsinstrumentlærarar frå kvar skule. Transkripsjonar vart analysert med ei hermeneutisk tilnærming, og ved hjelp av Braun og Clarke (2013) sine «seks steg til tematisk analyse». Som eit resultat vil dette prosjektet vere eit kvalitativt bidrag til musikkpedagogikkfeltet og læreplanimplementering.
Grunna det faktum at læreplanen ikkje vart innført på Vg1 før i august i 2020, og at den ikkje vert innført i Vg2 og Vg3 før hausten 2021 og 2022, er teorikapittelet basert på forsking knytt til læreplanteori og implementering generelt. I tillegg inkluderer eg teoretiske perspektiv på kva musikkfaget er, og på meisterlære, som skil seg ut som viktige for forståelsen av musikklinja og fordjupingsinstrumentopplæringa.
Resultata frå studien viser at den erfaringsbaserte kunnskapen som informantane sit inne med har fellestrekk med eksisterande forsking og teori om læreplanar og implementeringsprosessar. Samstundes kan ein argumentere for at læreplanteoriane til Goodlad og Van den Akker har enkelte manglar som syner ei mangelfull beskriving av kva som går føre seg mellom dei ulike stadia av ein læreplan. Resultatet syner også at enkelte av problematikkane som dukka opp etter evaluering av LK06 også dukkar opp no. Det å implementere ein ny læreplan er ei samansetting av komplekse prosessar påverka av personlege tolkingar, leiarskap, motivasjon til endring, med meir. Mangel på føringar frå skuleeigarar og skuleleiing fører til ulik praksis i planleggingsprosessane i dei ulike musikklinjene. Vidare finn ein fleire likskapar mellom tankane informantane har om LK20 og nylig forsking: Læreplanen er open og diffus, med mange komplekse omgrep, som fører til personlege tolkingar, som igjen fører til ulik utvikling av dei lokale planane. Tankane om korleis endringane vil påverke undervisninga i fordjupingsinstrumentet syner til ulik forståing av fordjupingsinstrumentet som fag, og ulike praksisar i feltet.
Description
Master i musikkpedagogikk M120MU513
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett
2021