Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorGjesdal, Anna
dc.date.accessioned2022-01-25T13:18:21Z
dc.date.available2022-01-25T13:18:21Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2839245
dc.descriptionMaster i Læring og undervisning Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking Innleveringsdato: 01. desember 2021en_US
dc.description.abstractTemaet i denne masteroppgåva er kulturelt mangfald i norskfaget, slik det vert framstilt og mogleg anerkjent i grunnboka NORSK 5. Bakgrunnen for at ei lærebok vart valt som tekstkjelde er at læreboka framleis vert sett på som lærarens viktigaste hjelpemiddel i planlegging og gjennomføring av undervisning. Problemstillinga er: Korleis framstiller ei lærebok for norskfaget kulturelt mangfald, og korleis kan framstillinga bidra til anerkjenning av elevar med ikkje-vestleg bakgrunn? Problemstillinga skal svarast på ved hjelp av element i kritisk diskursanalyse slik Fairclough har utforma den. Læreboka vert analysert under den inste dimensjonen av Faircloughs modell, «sosial hending». Analysekategoriane vart definert på førehand og utforma på to nivå; tematiske kategoriar og diskursive kategoriar. Resultata frå registreringane vert analyserte og diskuterte saman med Honneths teori om anerkjenning og antidiskriminerande undervisning, før eg vidare konkluderer med kva som er dei rådande ideologiane og diskursane i læreboka. Funn frå undersøkinga viser at kulturelt mangfald vert framstilt gjennom heile læreboka, ikkje i eigne kapittel. Dei viser også at fleire av tekstane kan føre til opplevd anerkjenning for elevar med ikkje vestleg bakgrunn. Likevel synest framstillinga av kulturelt mangfald å vere på eit minimumsnivå: Læreboka går sjeldan i djupna når tematikkar kring kulturelt mangfald vert belyst. Den rådande diskursen tilseier at kulturelt mangfald skal synleggjerast, men at sentrale sider ved kulturane sjeldan vert gjort greie for. Dette vitnar om at læreboka ikkje gjer meir enn ho må.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandet
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectKulturelt mangfolden_US
dc.subjectlærebøkeren_US
dc.subjectnorskfageten_US
dc.subjectNORSK 5en_US
dc.subjectdiskursanalyseen_US
dc.titleKulturelt mangfald i ei lærebok for norskfageten_US
dc.title.alternativeCultural diversity in a textbook for the Norwegian subjecten_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.source.pagenumber74en_US
dc.description.localcodeMAS3-307en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal